Held workshop i strupesng og beatboxing for kulturskuleelevar

Wind Øyvind Aamot, opphavleg frå Oslo, busett i Wien, har fått med seg Christian «Terre» Recklies frå Kärnten i Austerrike, på artistresidens hos Åtgaum i Volda.

Denne veka har dei besøkande eit variert program. Recklies lærer vegg overtonesang (strupesong) og beatboxing til elevar i kulturskulen. Onsdag inviterer Recklies til kurs i beatboxing på kulturskulen i Ørsta, og torsdag er det workshop i overtonesang i kyrkja i Volda. Same kveld er det nok eit kurs i beatboxing i Åtgaum sine lokale i Rådhusgata 4 i volda.

Laurdag kveld held Recklies og Wind Øyvind Aamot konsert på So Es Bors i Volda.

Konserten blir ei blanding av stilar frå fleire verdshjørne, og både instrument og elektroniske hjelpemiddel vert nytta. Lokale gjesteartistar bidreg også til lydbildet og stemninga.

Aamot er kjent for å ha mista hukommelsen i Kina i 2000. Dokumentarfilmen om denne historia blir vist tidlegare på kvelden.

Begge artistane er samde om at det er spennande å vere invitert til artistresidens i dei vakre nasjonalromantiske omgjevnadene Sunnmøre har å by på, og kryssar fingrane for litt sol fram mot helga, så dei betre kan suge inn inspirasjonen frå dei majestetiske omgjevnadene.

Uansett håper dei at mange frå området vil ha interesse for aktivitetane dei steller i stand, og samarbeidet dei har med kulturforeininga Åtgaum.