Eli-Kristine Moltu i Det Norske Misjonsselskap (NMS) er tydeleg på kva som er føremålet med den årlege misjonsmessa i Ørsta. Ho er ei eldsjel som brenn for misjonen. For henne er misjonsmessa eit av årets høgdepunkt.

– Eg kom til Ørsta for 25 år sidan, i 1992. Same året var eg med på å starte messa. Vi hadde då bedehusbasaren, men eg tenkte vi måtte gjere noko meir, fortel Eli-Kristine. Sidan har det vore misjonsmesse kvart år, og der eit titals frivillige stiller opp for å få messa i land, med mat, gevinstar og hjelpande hender.

Ørsta kulturhus

Dei fem siste åra har messa vore på Ørsta kulturhus. Laurdag var det eit jamt tilsig med folk heile dagen. Dei kom både for åndeleg påfyll, for å kjøpe seg ein matbit, og vere med på loddsalet som gjev NMS-foreininga lokalt pengar til å drive misjonsarbeid.

– Vi har konkrete prosjekt i Bangkok som vi støttar. Det er ein barnehage og ein institusjon/senter for einslege gravide. Eg har sjølv vitja Thailand og Bangkok to gonger, og veit at pengane kjem fram, seier Moltu.

Brennsnut

Under misjonsmessa er det mykje arbeid på kjøkkenet for Eli-Kristine. Brennsnuten hennar er legendarisk, og har vorte ein sjølvsagt del av misjonsmessa.

– Men vi er mange som hjelper til. Mange er engasjerte på førehand, mellom anna med loddsal, lefsebaking og kaker, fortel Moltu.

Ho er oppteken av at det skal vere eit aktivt misjonsarbeid.

– Ein kyrkjelyd er ikkje det same utan misjonen. Han høyrer til. Vi skal bry oss om det som også hender utanfor landegrensene våre, seier Eli-Kristine.

Krinssekretær

Ho får støtte frå May Lisbeth Hovlid Aurdal. Ho er krinssekretær i NMS, og var til stades under messa i Ørsta laurdag. Der viste ho film, og fortalde også om arbeidet i Thailand.

– Det er eit flott arbeid som vert gjort her i Ørsta, og det er eit viktig arbeid for misjonen, seier Hovlid Aurdal.

– Det er utruleg kor mange menneske som vert engasjert, seier ho.

Messa vart altså flytta frå Ørsta bedehus til kulturhuset for fem år sidan.

– Det var av praktiske årsaker, og vi angrar ikkje. Her får vi alt på eitt plan, og lokala er tilgjengelege for alle, seier Moltu.

«Siste året»

Under ei slik messe er det mykje sosialt, men også innslag av programpostar. Det er talar og forteljingar, song og underhaldning. Det var sokneprest Arne Moltubak som leidde sjølve programmet.

Eli-Kristine Moltu underslår ikkje at det er ein heil del arbeid med misjonsmessa.

– I fjor sa eg at det var siste gongen. Men så kom vi til at vi skulle ha messe i år også. Vi tok kontakt med kvarandre, og det viser seg at vi har eit såpass godt apparat at det heile var på stell i løpet av få dagar, fortel krumtappen i NMS-foreininga.

Misjonsmesse: Det var eit jamt tilsig med folk på Ørsta kulturhus under heile messa laurdag. Foto: Rune Sæbønes
Trekning: Rolf Dyrhol syter for rett trekking under loddsalet. Foto: Rune Sæbønes