Det var sokneprest Espen Aarseth og Venche Vartdal Leite som stod bak ideen om ei countrymesse i kyrkja. Publikum fekk servert både kjende og mindre songar frå countryverda, og spesielt framføringane av Amazing Grace (sjå delar av framføringa øvst i saka) og How great Thou art skapte ei magisk stemning i kyrkja. Konserten var gratis for publikum, men publikum vart spurde om å gje eit bidra til nye puter på benkane i kyrkja.

– No blir kyrkja restaurert utanpå, men vi skulle gjerne hatt nye puter. Om vi bestemmer oss for å gjere dette igjen kan det hende at de får sitte endå betre til neste år, sa Aarseth til publikum.

Etter at dei siste tonane var spelt for kvelden fekk songane Venche Vartdal Leite og Åge Nybø, saman med bandet beståande av Torgrim Skjerdal, Eivind Skjerdal, Henrik Konglevoll Neeraas, Levi-Andre Leite og Simon Høydal Sætre, ståande applaus frå dei frammøtte.

– Dette var veldig kjekt, og vi set stor pris på at de valde å legge turen hit i kveld, sa Vartdal Leite.

Hjørundfjord kyrkje var heilt full søndag kveld.