Jon Olav er Vekas Urørt-artist

Jon Olav Sandal (22) frå Barstadvik har byrja å skape eit namn for seg sjølv, og NRK har plukka han ut som Vekas Urørt-artist.
Kultur

- Det er hovudsakleg ein song om klimapolitikken og eit forsøk på å skape engasjement rundt det. Det var også eit forsøk på å lage popmusikk som ikkje handlar om tits and ass, seier Sandal til NRK.

Det er songen Hei Erna  som har gjort at Sandal no er Vekas Urørt. Over 200.000 har sett videoen til songen på Facebook. Til NRK seier Sandal at han allereie har opplevd at publikum kan teksten og syng med på songen under konsertar. Nyleg har han fått spelejobbar på festivalane Sørveiv og Trondheim Calling, og Sandal har eit håp om å gje ut ny musikk i haust.