– Dette er eit arrangement for alle som bur her, alle utflytta vartdalingar som ynskjer ein tur heim, og sjølvsagt alle andre som vil vere med på eit hyggjeleg og sosialt arrangement, fortel Frank Robert Aklestad for arrangørane.

Det er Vartdal frilynde ungdomslag, Vartdal TIL, Vartdalsstranda generasjonskorps og forsamlingshusa Varden, Samhald og Soltjeld som går saman om arrangementet, og det vert ymse hendingar i alle bygdelaga.

– Vi startar torsdag den 24. august med fotballkamp i sjette divisjon, mellom Vartdal og Gjerdsvika/Larsnes/Gursken. Det er ein vanleg seriekamp, men vi lagar ei ekstra ramme rundt kampen med defilering mellom anna, fortel Aklestad.

Fredag vert det invitert til familiekonsert i VD-hallen. I år er det eit skikkeleg storkorps som skal underhalde. Det er skulekorpsa/generasjonskorpsa frå Sæbø, Hovden og Ørsta, Dalane og Vartdalsstranda som slår seg saman til eit felleskorps.

– Og i tillegg vert det drilloppvising frå drilltroppa til Hovden og Ørsta skulekorps, fortel Aklestad.

Etter familiekonserten vert det klubbkveld for ungdom frå sjuande klasse og oppover på Samhald i Barstadvik. Dit er det transport frå familiekonserten.

På Soltjeld vert det fredag kveld invitert til pubkveld med kviss og underhaldning frå Bø-Knuten.

Laurdag er det klart for løpet Vartdal rundt. Det vert eit barneløp og eit trimløp, som begge er på fire kilometer, og det vert eit konkurranseløp i dame- og herreklassa på tolv kilometer.

Laurdag er det også marknad i VD-hallen, med sal av grillmat, kaker og kaffi, tombola, loddsal, lykkehjul. Det vert også ein skytekonkurranse på miniatyrbana, og klovnen Klumse kjem.

– Vi sel også ender til andesleppet på ettermiddagen. Då skal vi sleppe ender i Storelva, og sjå kva «and» som flyt lengst og raskast ned elva, fortel Aklestad.

Laurdag kveld er det diskotek på Varden med aldersgrense frå femte klasse og oppover, og det vert vaksendans på Soltjeld med Scrambled Eggs og Aage Nybø.

Søndag er det middagssal på Samhald, og det vert andeslepp i Storelva i Barstadvik. Avslutninga av Vartdalsstranddagane vert på Samhald med ymse premieutdelingar og trekning av loddbøker.