Både første- og andreetasje i Kunsthuset er no fylt med kunst. Sidan 1977 har Olav Grimstad stilt ut på Kunsthuset kvart tiande år, og i år er ikkje noko unnateke. Grimstad, som no er busett i Hurum, stiller ut akvarellar som han ønskjer å formidle stemningar og vekkje kjensler. Kunstnaren hentar inspirasjon frå naturen, og har no vore oppteken av falleferdige bygningar i naturen.

– Eg har fått stille ut her kvart tiande år, og eg er veldig takksam for at eg framleis får lov til det. Det byrjar å bli ei god stund sidan eg flytta frå Ørsta, men eg er framleis veldig knytt til plassen gjennom familie og venner, seier Grimstad.

Broren til Olav, Kyrre, spelte saman med Arne Moe og Kjell Rune Klubbenes under opninga, og fekk med seg publikum på litt allsong under Ferjemann på vei.

I den øvste etasjen i Kunsthuset er det Katharina Teige Førde sine teikningar og skulpturelle objekt i stålstreng som står utstilt i sommar.

– Dei siste åra har Katharina vore deltakar i ei teiknegruppe, og etter mange med tørke på teiknefronten bluss gleda opp att. Alle teikningane er av menneskekroppen, menn og kvinner, sa leiar Cathrin Lid Heilund under opninga av utstillinga.

Kunstnaren sjølv har omtalt det å teikne kroki som å gå inn i ein meditativ tilstand der ho vert oppteken av gi att det ho ser, ikkje korleis andre menneske ser ut. På den måten forsvinn kroppsidealet ifølgje Teige Førde.

– De må berre nyte utstillinga. Det er folk som eg har teikna og dei er i teiknegruppa mi. Eg vil takke for at dei har stilt opp, og at vi har klart å utvikle dette konseptet for å teikne, sa Teige Førde. Kunstnaren retta ein takk til familien under opninga og oppmoda publikum til å gripe sjansen om nokon har lyst til å teikne dei.

Sommarutstillinga er open kvar dag med unntak av søndagar i juli. Utstillinga heng oppe til 12. august.

Teikningar av menneskekroppen: Katharina Teige Førde stiller ut teikningar og skulpturelle objekt i ståstreng. Foto: Joachim Åsebø
Musikk: Kyrre Grimstad, saman med Arne Moe og Kjell Rune Klubbenes, spelte under opninga. Foto: Joachim Åsebø
Akvarellar: Olav Grimstad stiller ut akvarellar og har hatt ein fasinasjon med falleferdige bygg i naturen. Foto: Joachim Åsebø