– Vi har fått festspeldiktar Lars Mæhle til å skrive nye barnesongar på nynorsk. Vi inviterte han til dette i samband med at han er festspeldiktar. Han skreiv tolv songar, og vi let Beate Lech velje nokre av desse for å setje melodi til. Det gjer at vi fredag har seks heilt nye barnesongar som skal framførast, fortel dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet.

Songane vert framførte av elevar frå lokale kulturskular, og dei er frå seks til femten år: Tira Mathilde Hole Grimstad frå Hareid, Christine Grace Moltu frå Herøy, Andrine Strandbø og Marikken Knotten frå Sande, Madelen Rimstad frå Vanylven, Ilja Elisabeth Bech frå Volda, Dagny Sofie Giljarhus Linge frå Ulstein og Linnea Masdal frå Ørsta.

Musikalsk leiar er Karin Eckhoff Holsvik frå Vanylven. Ho er pianist, og ho var mellom anna bak pianoet på Julemorgen på NRK sist jul. På scena i Aasen-tunet har ho med seg eit habilt band med Øystein Eckhoff på gitar, Svein Hunnes på bass og Calos Alberici på trom Elisabeth Bechmer.

Tonen i kvardagen er tittelen på familiekonserten i Uteamfiet.

– Det er kjekt å få til dette. Både at vi har fått Mæhle og Lech til å lage nye barnesongar, og at vi har fått unge frå heile regionen til å syngje, seier Øvereng.

Han fortel at det er fengjande songar som skal framførast, og at dei er poporienterte.

Skal i songboka

Songane vil også etter kvart kome på tunkatten si songbok på Aasen-tunet si heimeside, slik at skular og barnehagar, og andre som likar nynorske barnesongar, kan hente dei der.

Kulturskuleelvane sjølve gler seg til framføringa.

– Det er greitt å syngje på nynorsk, og det er ikkje for mange av slike songar, seier dei.

Lars Mæhle fortel til Ivar Aasen-tunet sine heimesider at oppdraget frå festspela har vore ei utfordring.

– Mange trur det er enkelt å skrive songtekstar, men då skulle dei prøve sjølv. Rytmen må vere rett, med eit visst tal taktslag på kvar verseline. Eg måtte bygge opp eit rytmesystem og prøve tusen forskjellige tekstvariantar for å få det til å stemme, seier han.

Framføringa fredag vert leia av forfattaren Maria Parr.