Det sa festspeldiktar Lars Mæhle då han vitja 8C og 8D på Ørsta ungdomsskule tysdag ettermiddag. Litteraturvitaren og forfattaren frå Sunndalsøra har denne veka gjennomført eit fast oppdrag for festspeldiktaren, nemleg skulebesøk i Volda og Ørsta kommunar. Rundt hundre åttandeklassingar ved Ørsta ungdomsskule fekk brynt seg på gåter, hjernetrim og brukt fantasien i møtet med festspeldiktaren.

– Eg meiner at alle menneske har mykje fantasi, men det er ikkje alle menneske som er flinke til å trene fantasien sin. Du kan trene fantasien din på same måte som du trenar kroppen. Ein veldig god måte å trene hjernen på er å lese bøker, og då trenar du og fantasien. Når du les ei bok lager du sjølv bilete i hovudet ditt. Hadde alle de her lest den same boka ville de ha skapt femti ulike bilete. Ser du ein tv-serie eller spelar eit spel får du fiks ferdige bilete, men ved å lese ei bok lagar du bileta sjølv, sa Mæhle.

Festspeldiktaren er kjent som ein produktiv forfattar av bøker for barn og unge både på nynorsk og bokmål. Debuten Keeperen til Tunisia vart filmatisert gjennom Keeper’n til Liverpool, og gjennombrotet kom med fantasyromanen Landet under isen i 2009. I praten med åttandeklassingane tysdag gjekk Mæhle gjennom ulike verkemiddel og innfallsvinklar til det å skrive.

– Kor mange her tykkjer det er lettare å sette seg ned å spele eit spel på nettbrettet enn å lese ei bok? Nesten alle, men det er verdt å ta seg bryet med å jobbe litt ekstra for du får så mykje hjernetrim att.

Åttandeklassingane imponerte festspeldiktaren med å løyse ulike gåter som vart lagt fram for dei. Eit av punkta som Mæhle la vekt på i historieformidling var gode og spennande hovudpersonar. Elevane ved Ørsta ungdomsskule fekk vere med på å utvikle to karakterar i ei ny historie. Det enda opp med gangsteren og nerden James og divanen Rigmor som likar heavy metal-musikk. Mæhle fekk i gang fantasien til elevane ved å setje kreative rammer.

– Ved å endre berre to stikkord så vil historia om desse karakterane endre seg drastisk.

Besøket på ungdomsskulen vart avslutta med ei spørsmålsrunde der Mæhle måtte svare på kven han har som favorittforfattar og kva slags bil han køyrer.