Årets utgåve av Dei nynorske festspela er det 26. arrangementet i rekkja, og vert arrangert frå 29. juni til 2. juli. Temaet for Festspela er tabu.

– Vi vil nytte festspeltemaet til å undersøke korleis kulturelle og språklege tabu både held oss tilbake, pirrar og provoserer oss, sa programansvarleg Monika Haanes Waagan under programsleppet i Aasen-tunet onsdag.

Festspeldiktar Lars Mæhle var til stades i Aasen-tunet, og las høgt for dei frammøtte frå m.a. novellesamlinga «Jag är Supermann». Forfattaren er oppteken av litteratur for born og ungdom, og dette viser att i årets program. Mæhle har og fått utfordra seg sjølv med å skrive manus til ei ny Lurivar-framsyning og han har laga barnekrim til Volda bygdetun med tittelen «Kven drap presten i Valle». Under familiekonserten fredag kveld vil ny musikk av Beate Lech med tekstar av Mæhle verte framført.

I år er det Stein Torleif Bjella som står for den musikalske opninga under Festspela. Laurdag er det Daniel Kvammen som inviterer til utekonsert. Mange forfattarar kjem til Festspela, og publikum får møte m.a. Maria Parr, Marit Kaldhol, Anders Totland, Jørgen Norheim, Aina Basso og Jan H. Landro. Festspela inviterer og til språkmoro med Lina Eide og Sjur Hjeltnes på den siste festspeldagen. Tradisjonen tru vert det arrangert festspelfrukost i Volda og Ørsta laurdag, og det vert mange arrangement rundt omkring i vertskommunane. Volda og Ørsta kunstlag inviterer til utstilling med Gro Mukta Holter i Ørsta, og kunstnaren vil og halde målekurs for ungdom under Festspela.