– Ein vernissasje kva er no det? Det er noko du kan kome på når det er opning av kunstutstilling, men vi har valt å bruke dette ordet for å presentere ulike prosjekt som elevane ved arbeidslivsfag har jobba med i år og i fjor, sa lærar Lars Vatne Nielsen då vernissasjen vart opna.

Mange nysgjerrige elevane hadde samla seg i medieteket for å sjå nærare på kva medelevane har arbeida med, og for å få seg eit glas saft og noko å bite i.

Designa og bygde utstillingsreol

– Arbeidslivsdag arbeider i det skjulte alle moglege plassar her på skulen. Ein utstillingsreol har blitt designa, bygt pussa og målt heilt frå botnen, og denne skal bruke til å stille ut ulike ting som vert laga av elevane her. Eit gammalt tv-skap som eigentleg skulle køyrast på VØR har blitt til eit skap for verkstaden. Her har elevane snikra nye dører og måla. Alle elevane har i samarbeid jobba med og designa nye skulefaner til alle klassene på ungdomsskule. Det einaste som manglar er at klassane sjølve ordnar med klassenamn.

Eit gammalt bord som eigentleg skulle kastast har blitt omgjort til eit sjakkbord, og elevane har laga eigne sjakkbrikker. Nye kasser til bøker og øyretelefonar har blitt laga og er no plassert i medieteket. Elvane har pussa og lakkert benkar som elevane i 8C har laga.

– I atriumet er det tre flotte farga benkar som vart laga i fjor. Det er det elevane ved arbeidslivsfag som har laga. Men elevane driv ikkje berre med trearbeid eller måling. Ute har elevane klippa, saga og prøvd å få beskjært ein stor rhododendron. Når det vart kappa ned tre i fjor lagde elevane oppheng til instrument på musikkrommet av bjørkene.

Gullsmedar

Arbeidslivsfagelevane skal få prøve seg som gullsmedar i det neste prosjektet dei skal i gang med.

– Elevane skal få arbeide med kobbar, og det vert spennande. Vi prøver mange ulike ting, og vi er heldig at det er mange som møter opp og vil ta del i denne presentasjonen, sa Vatne Nielsen.

Nye klasseskilt til 17. mai: Ørsta ungdomsskule vil i år har nye skilt til dei ulike klassene takka vere elevane på arbeidslivsfag. Her viser lærar Lars Vatne Nielsen fram to eksemplar. Foto: Janne-Marit Myklebust