– Dette er superhits frå 70- og 80-talet. Musikk som ikkje må og ikkje kjem til å gå i gløymeboka. Dessutan var dette veldig gode år. Dei beste åra i mitt liv, humrar Arild Andenes som skal dirigere konserten.

Av personlege favorittar trekkjer han fram låtane Rosanna og The Final Countdown.

Solistar er Venche Vartdal Leite, Åge Nybø, Janne M.G. Skarstein og Øyvind Lied.

Kult

– Dette må berre verte bra, og det vert bra. Det er ikkje mogleg å seie noko anna med tanke på repertoaret. Det er rett og slett kult, og frå heilt rett tidsepoke, seier Janne M.G. Skarstein.

Åge Nybø gler seg også til å stå på scena søndag.

– Dette er eit skikkeleg krydder i kvardagen, og litt på sida av det eg driv med til vanleg. Men det er utruleg kjekt å gjere noko anna, treffe nye menneske og jobbe med supre musikarar. Rett og slett givande.

Felles

Dei siste måndagane har dei to hornmusikkane hatt fellesøvingar saman med solistane. Det er ingenting å seie på stemninga. Korpsa har også fått med seg nokre av dei eldste musikarane frå Hovden og Ørsta skulekorps, og dei unge imponerer med speleglede og talent. Solistane får eit stort komp i ryggen. Det er også hyra inn musikarar på bass, gitar og som seg hør og bør når det er musikk frå 70- og 80- talet; ein skikkeleg synth.

– Eg elskar åttitalet! Det var det beste tiåret med den beste musikken. Dette vert kjempebra. Det spesielle med musikken er allsongen, at vi syng som i eit kor, her er kule riff, tøffe refreng, synth, soloar på gitar. Musikken har alt! seier Venche Vartdal Leite, som framhevar We are the World som sitt høgdepunkt på konserten.

Åge Nybø skal også briljere med solo på Bobby Brown.

– Ei heilt spesiell låt. Ho var svært populær i si tid, og var vel også banebrytande med å sprenge grenser med ord. Så skal også eg gjere mitt beste.

Duett

Repertoaret famnar vidt og breitt. Det vert ballade-sviske med Always on My Mind, Pink Floyd sin kjende Another Brick In The Wall, Life is Life av Opus, songen alle nordmenn kan; Forelska i lærer’n – for å nemne nokre.

– Eg har vore med å synge med korps før, men ikkje på denne måten. Det er veldig kjekt å vere med på dette, og synge saman med denne herlege gjengen. Særleg er eg nøgd med at eg får synge duett med Janne. Det vert eit høgdepunkt for meg, seier Øyvind Lied.

Han viser då til låten Up Where We Belong, i si tid framført av Joe Cocker og Jennifer Warnes.

– Det er veldig spesielt for meg å synge denne låten. Eg har vore fan av Joe Cocker sidan dagen eg høyrde han for første gong. Eg gler meg stort.

Arrangørane håper på ein fullsett teatersal på Ørsta kulturhus søndag 2. april.

– Dette vil de ikkje gå glipp av, seier Arild Andenes.

Øyvind Lied er samd.

–Dette er eit kjempebra tiltak med veldig mykje bra musikk, eit flott orkester og gode solistar. Det er absolutt verdt å ta turen.

For korpsa

Øving: Follestaddal Hornmusikk og Ørsta Hornmusikk samarbeider om prosjektet «Gylne Tider», og har også fått med seg nokre musikarar frå Hovden og Ørsta skulekorps. Foto: Janne-Marit Myklebust