Sindre Aam og Rune Brautaset i Vassendgutane er i mai klare for sin femte stordans på rad i det som har vorte Ørsta si store konsertstove, Kiwihallen. Laurdag 13. mai går Vassendgutane på scena i hallen, og denne gongen har dei invitert med seg folkekjære og Grand Prix-aktuelle Rune Rudberg med band, og Lisabeth Brekke Sylthe frå Kvamsøya, med artistnamnet LIZZ.

Som vanleg er det fotballgruppa i Ørsta IL som skal arrangere det som er ein stordugnad – og ei svært viktig inntektskjelde, der over to hundre frivillige og alle lag i klubben er involvert.

Kvelden startar med familiekonsert, der Vassendgutane spelar utan honorar og gir alle inntektene til fotballgruppa. Deretter er det duka for ein fire-fem timar lang dansekveld for dei vaksne. 2000 billettar er lagt ut for sal, og arrangøren håper på fullt hus slik det har vore.

– Det er ikkje så ofte vi spelar i Ørsta, og det er veldig kjekt at vi kan få spele i Kiwihallen. Her brukar å vere fullt hus, og folk pratar om dette også ut i øyane, seier Sindre Aam.

Arthur Johan Bjørdal og Aam har skrive kvar sin ny låt som skal framførast for første gong offentleg i hallen.

Mellom dei som skal vere vakter vil ein også finne ordførar Stein Aam.

Bidrag

– Dette vil vere mitt bidrag til dugnaden for fotballgruppa som driv stort og viktig arbeid innan breiddeidretten, noko eg er takksam for å vere med på. Kiwihallen har betydd mykje for mange, og kommunen er fantastisk nøgd med hallen og at Vassendgutane stiller opp på heimebane, fortel Aam. Han kan røpe at han er stor fan av Vassendgutane, og at han har alle CD-platene deira.

– Favorittlåten er «Ho Va So Fine», fortel ordføraren.

Arnstein Sandvik og Bjørnar Vartdal i arrangemnetsnemnda lovar partytelt utanfor Kiwihallen med videooverføring av dansen.

– Vi har også eit opplegg der vennegjengar og andre får høve til å bestille bord på førehand i hallen, fortel Sandvik og Vartdal.

Dei har trua på ein kjempekveld og at også rune Rudberg og LIZZ vil vere med på å løfte stemninga.

Billettar ligg no ute for sal på Tikkio på nettet, på Kiwi på Vallabøen og på Circle K (tidlegare Statoil).

Gjest: Rune Rudberg vert med på stordansen i Kiwihallen 13. mai. Foto: Roy-Arne Folkestad