– Av kunsthistorikar Helga Stave Tvinnereim vert Nils Vålnes kalla neststoren blant målarane i Volda. Han var ein inspirator for andre unge kunstnarar og ein sentral person i Volda kunstlag gjennom mange år, seier Narve Birkeland.

Stor utstilling

Det har kome inn over seksti bilete av Vålnes til utstillinga i regi av Volda og Ørsta kunstlag. Utstillinga vart opna fredag ettermiddag i andre etasje på Spinneriet, og er opa ut neste veke.

– For oss er det viktig og også løfte fram kunstnarar frå Volda. Då Narve Birkeland, Ivar Olaisen og Vidar Eikrem kom med ideen om å lage ei Vålnes-utstilling i Volda, vart vi veldige glade og ville gjerne støtte opp om det. Det er ei ære for Volda og Ørsta kunstlag å få vere med å løfte fram Nils Vålnes, seier Anne Ellingsen i Volda og Ørsta kunstlag.

Nils Vålnes var ein sentral personar i kunstmiljøet i Volda, og han sat i det første styret i Volda kunstlag som vart stifta i 1937.

– Vålnes var med og arbeidde i Volda kunstlag gjennom fleire tiår, heilt fram til 80-talet i ulike funksjonar.

Minneutstilling

I 1934 var Vålnes med på å starte teiknebyrå i Oslo, og då han vende tilbake til Volda starta han drogeri og fargehandel. Han var ein av initiativtakarane og stiftarane av Volda kunstlag.

– Dette er ei minneustilling for Vålnes. Her er bilete frå heile produksjonen, og det har aldri tidlegare blitt vist så stor breidde i kunsten til Vålnes som i denne utstillinga. Vålnes var ein kunstnar som eksperimenterte mykje, og brukte ulike materiale og motiv. Tvinnereim seier at Vålnes var den første målaren i Volda som braut med den strenge naturalistike utttrykket. Han var ein modernist i lokal målestokk, seier Birkeland.

Minneplakat

Vålnes var ein god venn av Olav Strømme, og truleg har dei to kunstnarane blitt inspirerte av kvarandre. Til utstillinga har det blitt laga ein minneplakat i avgrensa opplag.

– Denne minneplakten er trykt opp i hundre eksemplar og nummerert. Det blir ikkje fleire enn hundre eksemplar av denne plakaten, og den er litt eksklusiv.

P.M. Gjærder: Karikaturar laga i perioden 1932-33 frå «Likt og ulikt» vert å sjå på minneutstillinga.