Ved eit bord på Det Grøne Treet i Volda sit komikar Ørjan Burøe (42) og et hamburgar, smilande med karakteristisk skjegg. Det er vinterferie, og då er det ikkje uvanleg at Burøe er i Volda. For dei som ikkje veit: Ørjan Burøe er gift med «Komikerfrue» Marna Haugen Burøe, som var ein svipptur innom Farmen Kjendis, og som no er å sjå på Bloggerne på TV2. Og denne gongen er også Ørjan med i serien, komikaren som har halde saman med Ørsta-tausa i tretten år, og som etter utallige turar hit føler seg like heime i Ørsta og Volda som på Majorstua i Oslo der han bur med familien.

– Eg har vore her så lenge at eg hugsar godt kivinga der ørstingane meinte dei var størst fordi dei hadde rulletrapp, medan voldingane slo seg på brystet over at dei hadde rundkøyring, humrar Ørjan. Han har sans for sunnmøringar.

– Dei har ein direkte måte å vere på. Her pratar eg med framande på kafe. Hadde eg gjort det i Oslo, hadde folk trudd eg var gal.

Show

Ørjan Burøe har store dosar sunnmørsk med i stand up-showet han no presenterer folket. Showet «Fordommer», som hadde premiere i september, fekk strålande kritikkar for komikaren som no har teke steget inn på A-laget i den norske stand up-verda. Bergensmagasinet.no skreiv:

«Ørjan Burøe tar kleine, seriøse og langt-over-kanten temaer som de fleste normalt ville gått en vid sirkel rundt, og dytter dem rett inn i komfortsonen til publikum. Publikum sin tilgivelse er umiddelbar og ekte, og avslutter med en stående og varig applaus etter et show med selvironi, innsikt i andres og ikke minst egne fordommer, og en brå men samtidig uskyldig fremførelse av disse temaene».

I showet tek Ørjan opp mange tema, også alvorlege som då Marna var kreftsjuk. Han snakkar også om den perioden han var så sjalu på Marna at han skulle ha full kontroll over henne på alle måtar, også kva som stod på mobilen hennar.

Etter nokre år klarte Ørjan å legge frå seg den sjuklege sjalusien. Han innsåg at han ikkje kunne eige henne, og han var redd for å miste henne, denne sminka, men likevel usminka, kvinna han pratar så varmt om, og som han meiner mange ser opp til. Ørjan ville ikkje oppleve at samlivet rakna.

– I dagens samfunn er det alt for lett å gå frå kvarandre. Å vere i eit ekteskap handlar også om å kjempe, ikkje minst når ein har born. Viss alt håp er ute, er det noko anna. Men ofte er det langt betre å gå seg ein luftetur enn å skilje seg.

Ørjan innsåg etter kvart at han som den særs sjalu ektefellen møtte seg sjølv i døra. Han måtte jobbe hardt med seg sjølv for å verte kvitt denne «sjukdomen».

– Det er jo slik at jenter brukar kvarandre som psykologar, det gjer ikkje vi menn.

42-åringen merkar reaksjonar i salen når han tek opp sjalusi.

– Eg registrerer at kjærastepar dultar kvarandre. Det hender også eg får klemmar av menn som har sett showet, og eg har fått lange Facebook-meldingar for at eg tek opp sjalusi.

Ørjan Burøe har drive med stand up i tjue år. Vegen har vore lang, og det har definitivt ikkje vore tjue år berre med suksess for komikaren som har reist land og strand og halde show i små lokale framfor folk som har vore mest opptekne av å drikke øl. Eller då han stod på ei bruskasse på Sjølyst og underheldt publikum kvart femtande minutt med stand up. Men så har det losna, meir og meir. Han er fast «inventar» på Latter, er stadig på turnear med stand up-eliten - og har opparbeidd seg eit godt namn mellom mange. Andletet er kanskje like kjent som Marna sitt. Mannen er ettertrakta og vi har sett han i MasterChef, Fire stjerners middag og fleire andre tv-program. Og no handlar det altså om Bloggerne og sitt eige stand up-show som kjem til Ørsta fredag 10. mars.

Men før det nyt han dagane heime hjå svigermor i Volda, der raspeball og sveler er obligatorisk for ein komikar med fordommar.

Par: Ørjan Burøe og kona Marna Haugen Burøe er begge med i tv-programmet «Bloggerne» . Foto:TV2 Foto: Roy-Arne Folkestad