Det sa rektor Trond Hjelseth ved Volda vidaregåande skule då han takka elevane frå musikklina, lina for media og kommunikasjon og dansarane frå toppidrettslina for nok ein framifrå musikal.

Tysdag kveld var det premiere på musikalen The Cream og Soul på Ørsta kulturhus. Og for ein krem av soulmusikk, dans, song og eit teater det vart. Igjen leverte elevane ved Volda vidaregåande skule ein musikal i toppklasse.

Den årvisse musikalen frå Volda vidaregåande skule har vorte eit av dei store høgdepunkta i vintermørket. År etter år vert publikum imponerte over kvaliteten, gleda av å presentere på ei scene, einskildprestasjonane og samspelet.

I år var inspirasjonen henta frå soulmusikken. Regissør og manusforfattar Jan Terje Eidset har henta inspirasjon frå filmen «Dreamgirls» og historia til Diana Ross og The Supremes. Men i staden for å lage ein kopi, er det laga ein heilt ny musikal, med ei eiga historie, og med songar henta frå fleire komponistar og artistar.

I The Cream of Soul vert publikum tekne med i ein storby i USA, og der unge folk drøymer om ei stjernekarriere. Vi følgjer Dina Koss, spelt av Jeki Villanueva, og andre håpefulle unge som vil slå igjennom som artistar. Dei ynskjer å slå igjennom i verdas største talentshow, men vegen dit er krevjande med kjærleik, rus, sjalusi og grådigheit.

Det var mykje som imponerte med The Cream of Soul. Sjeldan er scena på Ørsta kulturhus vorte laga til betre. Koret var plassert på eit galleri i bakkant. Under spelte det samansveiste orkesteret, og lyssetjinga var profesjonell.

Musikkutvalet var ei hitparade av soulklassikarar, og lydbiletet var godt balansert.

Elevane frå media og kommunikasjon styrte storskjermane på sida av scena med sikker hand, der det vart vist «live-fjernsyn» frå talentkonkurransen m.a.

Men i sentrum stod sceneprestasjonane, der elevane stod fram som sikre og gode vokalistar, og der dansarane medverka til å gjere sceneinntrykket komplett.

Og etter sjølvsagt trampeklapp frå publikum, vanka det takk både frå rektor Hjelseth og ordførar i Volda, Jørgen Amdam, for framsyninga.