– Eg trudde aldri at eg skulle få oppleve dette igjen. Men her er vi altså. Vesle Rotlaus frå Ørsta.

Bjørn-Marius Øyehaug, frontfigur, låtskrivar, vokalist og gitarist i bandet Rotlaus, har lagt bak seg eit år med over 60 speleoppdrag og mange mil på vegane i turne-bussen saman med dei andre bandmedlemene. Suksessen kom brått. Bandet vart starta i 2015, sidan har motoren på turnebussen sjeldan fått tid til å kjøle seg ned før det er ny tur, ny scene og nytt publikum.

Sist helg var dei i Lunde i Telemark, der dei fylte Meieriet Kultursenter.

– Det er kjekt å gå på scena i eit slikt folkehav, og å stå der og høyre at dei syng med på alle tekstane. Alle songane våre. Det gjer noko med deg. Du gløymer nesten å spele.

Han har opplevd det før. Bjørn-Marius Øyehaug var trommeslagar for Vassendgutane i over fem år. Ei tid han ser tilbake på med stor glede.   Ei tid der publikum flokka seg rundt scena og song med på alle songane. Ei tid Bjørn-Marius trudde var over for hans del. Heilt til han opplever det igjen, denne gongen med eigne låtar og eigen musikk. Eige band.

Ny bassist

I tillegg til Øyehaug sjølv, har han med seg Vegard Hansen, Simen Bjørdal, Simen Manseth Rebbestad og Bendik Mork Folkestad. Sistnemnde er fersk bassist i bandet, og har teke over for Levi-André Leite som var med å starte Rotlaus.

– Bendik vart med etter berre to øvingar. Eg vart overraska over kor god han er til å spele. Han er eit lite unikum, og vi er veldig glade for å ha han med. Han gjekk rett inn med ein gong. Han er ikkje berre flink til å spele, han er flink på scena også. Det er viktig. Rotlaus skal levere. Om vi ikkje er drivande våte av sveitte når vi går av scena, så har vi ikkje gjort jobben vår.

Neste sving

Hittil har det vorte eitt album, «Bygderamp».

– Å gi ut sitt første album er litt som å fyre av eit hagleskot. Noko treff blink, noko bommar. Slik lærer vi også. Vi finn meir og meir stilen, og er vel innom dei fleste sjangrar. Eg vil seie vi har ei kryssing mellom pop/rock/country.

Sjølv har Øyehaug erfaring frå alt frå hornmusikk til storband og punkband. Erfaringane tek han med seg i musikken han lagar.

– Eg trur det er det som gjer at vi har funne ein nisje. Noko som skil oss litt frå andre. Vi hentar det beste frå fleire sjangrar, og lagar noko eige.

Nye singlar kjem på løpande band. I slutten av januar sleppte Rotlaus låten «Rundt neste sving».

– Vi sette oss eit hårete mål om at vi skulle få 50.000-100.000 avspelingar på ei veke. Og då var vi veldig optimistiske tenkte vi.

Det tok av. På ei veke var låten spelt 210.000 gongar på Spotify.

– Det er heilt vilt, og også litt vanskeleg å ta innover seg at vi opplever denne suksessen, seier han audmjukt.

– Manageren vår påstår at han aldri har sett eit band med så rask auke i popularitet. Det er klart det er artig å høyre det!

«Ej møte dej igjen, Når vinter blir til vår. Ej møte dej igjen til neste år. Rundt neste sving. Neste stans.» syng han i refrenget på den nyaste låta.

Slik har livet vorte no. Stadig nye stoppestadar. Nye svingar. Og mykje som ventar. Rundt neste sving er også namnet på turneen dei er på i år.

– I fjor hadde vi gode 60 speleoppdrag. I år vert det meir. Det ligg an til i overkant av 70 ulike oppdrag, frå nord til sør. Vi er fullbooka i mars, april, juni, juli og august, og det kjem stadig nye førespurnader, om lag to i veka. Nokre må vi takke nei til, andre klarer vi å smette inn. Sommaren går med til festivalar. Det vert ein god sommar med andre ord.

Bakkekontakt

I tillegg til speleoppdraga, har Bjørn-Marius Øyehaug også hendene fulle med arbeid for Lydkjelleren og med å handtere alle førespurnader og marknadsføring i sosiale medium.

– Berre det er nesten ein fulltidsjobb, men det er noko av det viktigaste vi gjer, trur eg. Om så spørsmålet som vert stilt er om eg meiner ein Volvo 240 er tøft. Eg svarar. Publikumskontakt er viktig. Det held det heile litt nede på jorda. Vi har bakkekontakt og kontakt med grasrota. Vi lever for og av publikum, og då må vi også behandle dei på ein god måte. Den dagen vi tek dei som noko sjølvsagt, då er løpet køyrt. I publikum ligg også motivasjonen for å halde på med dette.

Dei er åtte mann på vegane. Fem i bandet og tre andre; ein fast sjåfør, ein lysmann og ein lydmann.

– Vi er ein kompisgjeng på tur. Vi har det kjekt saman. Vi køyrde 14 timar i buss for å kome oss heim søndag. Det gjekk som ein leik.

Rotlaus har altså slått rot. Dei har fått eit solid fotfeste i musikkbransjen, og dei er enno eit ungt band. Kva som ventar rundt neste sving, veit ikkje Bjørn-Marius Øyehaug. Det han veit er at alt er mogleg, så lenge draumen og viljen er der. Han lever i nuet. Siste song er enno ikkje skriven. Fleire svingar ventar. Også i Ørsta. I juni spelar dei opp til dans på Sæbø. Heimepublikummet skal også få sitt.

– Kanskje vert det Volda og Ålesund også til hausten. Vi har mykje godt i vente.