Ørsta kyrkje var nær fullsett fredag kveld under arrangementet Min yndlingsmusikk. Ørsta sokneråd og Volda og Ørsta kyrkjeakademi hadde invitert lokale musikkarar til å dele sine yndlingsmusikk og sine favorittsalmar.

– Konserten her i kveld er eit veldig godt uttrykk for mandatet som kyrkjeakademiet i Noreg har om å ta eit kulturansvar. Vi skal stimulere til auka kontakt mellom kyrkja og det andre kulturlivet, og på ein slik kveld får vi samla både ei stor breidde av utøvarar og henta fram perler frå salmeskatten, sa leiar May Kristin Bolli då ho ynskte publikum velkomne.

Nina Vedeld Telseth var først ut av dei fire utøvarane og framførte to av sine eigenkomponerte songar, Du og Vår stjerneveg.

– Songen Du handla om eit møte med ein som byrja i The Choir som er eit internasjonalt kor. I møte med det som er ukjent, i møte med menneske som er veldige ulike meg, så lærte eg mykje om meg sjølv. Eg fekk moglegheit til å kjenne på og reflektere rundt haldningane mine. Det å vere medmenneske er utruleg viktig for å få slike møter til å fungere. Orda solidaritet og medmenneskelegheit er viktig å ha med seg i det norske samfunnet no, og inn i framtida, sa Vedeld Telseth.

I programmet til Min yndlingskonsert stod det berre eit spørsmålsteikn under namnet til Magnar Åm, sett vekk frå dei utvalde salmane.

– Min yndlingsmusikk. Eg må innrømme at det er den musikken eg endå ikkje har høyrt. Eg meiner ikkje at det er vakkert laga musikk, men det som fascinerer meg mest med musikken er at den blir til. Den blir til når eg trenger den. Min kjæraste syssel er å gløyme meg sjølv i den musikken som kjem, sa Magnar Åm før han sette seg ved pianoet og framførte musikk som verken han eller publikum hadde høyrt før.

Plateaktuelle Stig Ulv hadde med seg gitaren og framførte songane Vogga og Kjærleik i Ørsta kyrkje.

– Kjærleik er laga for å vise takksemd for at vi har det så bra her i landet. Eg tykkjer sjølv at dette er ein av dei rolegaste og finaste songane eg har laga, sa Ulv som ikkje hadde framført songen for publikum tidlegare.

Kirsten Ragnhild Grimstad som m.a. har lang fartstid frå SKRUK valte å framføre Credo og Syng meg heim som begge har tilknyting til Kirkelig Kulturverksted (KKV) i Oslo.

– Eg sneik meg opp på galleriet i Jakobskyrkja då Sondre Brattland framførte Syng meg heim under 30 årsjubileet til KKV. Det var som berre rommet fraus, og det einaste som var var songen, teksta og stemma hans.

I tillegg til å framføre sin yndlingsmusikk hadde kvar av utøvarane plukka ut salmar som publikum tok del i. Marie Austrheim Riise spelte salmane, og akompagnierte også nokre av utøvarane under konserten.

– Tusen takk for at de har delt personlege historier, musikken dokkar og skattar i salmeboka. Eg vonar at de i publikum har fått nokre nye skattar, og slike kveldar må vi oftare ha på programmet, sa Austrheim Riise.