Søndag møtte dei opp på Sjøborg i Ulsteinvik der Stella Casting starta jobben med å velje ut statistar og folk til småroller i samband med NRK si nye storsatsing, TV-serien «Hjemmebane». I serien er Ulsteinvik bytt ut med namnet Vargdal.

Serien skal handle om noregshistorias første kvinnelege fotballtrenar i eliteserien. I hovudrolla som den kvinnelege trenaren finn ein Ane Dahl Torp. Tidlegare fotballspelar John Carew spelar rolla som ein fotballspelar i slutten av karrieren, som kjem tilbake til Noreg for å avslutte karrieren sin her. I serien følgjer ein Torp og det fiktive fotballaget Varg i Ulsteinvik som kan samanliknast med Hødd.

Scenene

Innspelinga startar i mars og skal vere ferdig i august. Innescenene skal gjerast i Oslo, men resten skal spelast inn i Ulsteinvik. Og då har lokale personar med ein skodespelar i magen sjansen til å få prøve seg. Også folk frå Ørsta møtte opp for å late seg registrere og prøvefilme søndag. To av dei var Jenni Bratteberg Aamås og Lena Bratteberg. Dei var statistar i storfilmen Bølgen då innspelinga var i Norangsfjorden.

– Dette er langt utom komfortsona mi, og det var ikkje heilt komfortabelt å prøvefilme, men pytt, sa Lena Bratteberg etter at ho hadde vore innom for prøvefilming på Sjøborg der køen av interesserte var lang.

Stella Casting var overvelda over det store frammøtet av folk, der borna var i fleirtal.

– Mykje folk har replikkar i filmen. Vi vil at slike småroller skal gjerast av dykk, av de som snakkar sunnmørsk, fortalde Stella Casting sine representantar.

– En historie om ein kvinneleg fotballtrenar handlar om mykje meir enn berre det å vere trenar. Det at serien handlar om ei kvinne som går inn i eit mannsdominert yrke, gjer at fleire kan kjenne seg igjen i utfordringane ho møter, seier serieforfatter Johan Fasting.

«Heimebane» er planlagt å verte sendt frå januar 2018.

Folk: Mange møtte opp for å registrere seg som statistar og til småroller på Sjøborg. Foto: Roy-Arne Folkestad