Turnoff handlar om å sone ut, lukke att, og slå seg av i offentlegheita, på fest eller på jobb. Å spore av til resignasjon og surmuling på dei minst passande tidspunkt. Singelen er den tredje i rekkja frå artisten frå Hovdebygda.

– Låten hentar inspirasjon frå gamle vise-klassikarar, arrangert i eit eksperimentelt poplandskap med shoegaze- og jungle-element. Resultatet er ein distansert vegg av lyd, sett i bevegelse av ein stødig 4/4-beat, berre avspora av isolerte rytmiske fragment med jamne mellomrom, heiter det i ei pressemelding.

André Øy sitt inne på eit album som han tenkjer å sleppe når det er mest høveleg, og Turnoff skal inngå i det.

– Albumcoveret, eit pittoresk gardstun i Hovdebygda, speglar av dei vinterstemte kvalitetane i låten. André Øy jobbar no med eit nytt, elektronisk live-sett som skal debuterast til våren, samt mykje ny musikk som ein berre kan glede seg til.

Turnoff vert lansert torsdag, men hadde premiere på NRK P3 måndag kveld.