Aud Bjørneseth var ein av dei mange som var frå seg av begeistring etter at humorsongarane Nordic Tenors heldt konsert på Ørsta kulturhus søndag kveld. Der leverte tre tenorar ein konsert det var umogleg å ikkje like.

Aud Bjørneseth fekk billetten til konserten i julegåva av dottera og svigersonen, Anne Grethe Bjørneseth Sandnes og Petter Klock Sandnes. Ei perfekt julegåve for ei dame som likar klassiske perler frå operaverda og musikalske høgdepunkt frå pop- og visesjangeren. Anne Grethe og Petter let seg også begeistre over tenorane.

– Kombinasjonen song og humor var perfekt, ja, dette var ein utruleg konsert. For oss vadette også ei oppvarming til konserten som Andrea Bocelli skal halde i Oslo i februar, fortel Anne Grethe og Petter nøgde.

Fullsett sal

Eit fullsett Ørsta kulturhus tok i mot dei tre tenorane Sveinung Hølmebakk, Jan-Tore Saltnes og Roald Haarr. Stemninga var

høg gjennom heile konserten, og latteren stod i taket ei rekkje gonger.

– Det er kjekt å kome tilbake til Ørsta. Det er stor skilnad i publikum under konsertane våre, her kom vi tett innpå dei, og vi hadde eit svært flott publikum i kveld, fortalde tenorane etter konserten då dei signerte CD-ar.

Polka

Vokaltrioen Nordic Tenors kjem frå Karmøy, Vigrestad og Holmestrand. Dei har i ei årrekkje drive med musikalsk humor, og syng alt frå opera og musikalar, til populærmusikk, polka og jodling. Dette handlar om tre dyktige songarar som på ingen måte tek seg sjølve høgtidleg. Tenorane er inspirerte av dei klassiske tre tenorane Domingo, Carreras og Pavarotti sjølv om den norske utgåva er meir open for sjangrar og har større fokus på den musikalske humoren. Og heilt klart: Det er ein føresetnad for å trivast med Nordic Tenors at ein er open for både gjøgleri og alvor i eit stort tempo, og med brå skifte. Er ein dét, vert ein både oppglødd og oppbygt gjennom tida dei står på scena.

Det var ingen tvil om at Ørsta-publikummet hadde sansen for kombinasjonen av seriøsitet og store dosar galskap. Forestillinga “Con Amore” (med kjærleik) handla om musikalske høgdepunkt og mykje humor. I tillegg til klassiske nummer fekk publikum også høyre polkanummer frå Finland, ein medley av songar av Harry Belafonte, der dei stilte med ukulele og kokosnøtt. Karius og Baktus kom også på besøk, og så kom der ein særs merkeleg versjon av Så går vi rundt om en enebærbusk.

Det heile vart avslutta med Nessun dorma, ein av dei største klassikarane i operaverda.

Og applausen var ståande - og strålande.

Humor: Konserten baud på mykje humor. Tenorane hadde også med seg den eminente pianisten Øystein Lund Olafsen som også imponerte. Foto: Roy-Arne Folkestad
Klassikarar: Publikum fekk høyre ei rekkje klassikarar, m.a. Sissel Kyrkjebø sin «Kjærlighet». Foto: Roy-Arne Folkestad