Kvar tysdag i januar inviterer kulturskulane i Volda og Ørsta til bandcamp hjå Åtgaum i Telebygget i Volda. I førre veke var det oppstart, og responsen på tiltaket har vore svært god. Heile 45 jenter og gutar er påmeldt bandcampen, og det er eit yrande liv i Telebygget når alle er samla.

– Her er totalt samla ni band i ei etasje, og det er slik det skal vere, seier ein smilande Hans Robert Bondhus som saman med Gard Eirik Austrheim og Øystein Dahle Egset er instruktørar på bandcampen.

Nye band

Inst i lokalet øver Lene Bjerknes Liadal på piano, Andreas Amdam spelar med trommestikkene på eit stolsete og Erlend Trovåg Bjørneset og Birk Ljoså Sørheim øver på gitarane. Ingen av dei spelar i band frå før av, men under oppstarten vart dei samla i ei gruppe. Alle har eit ynskje å spele i band.

– Då er dette eit ganske flott opplegg, seier Trovåg Bjørneset.

Alle romma i Telebygget er i bruk når det er bandcamp, og det er god stemning. Kjende tonar frå m.a. Nirvana og Kaizers Orchestra kan høyrast i gangane og frå hovudscena, og vonleg vert sådd eit lite frø for den lokale musikken gjennom desse samlingane.

– Det er utruleg mange som har lyst til å vere med og prøve seg. Under oppstarten fekk vi laga grupper som vi satsar på å halde på. Vi fordelar gruppene på dei ulike romma, roterer og alle har ein time på seg til å øve. I tillegg til musikken er det sosiale viktig her, seier Bondhus.

Ungdomens kulturmønstring

Kulturskulane i Volda og Ørsta har kvar for seg fått tilskot til bandcampen, og tiltaket skal vere med på å få ungdomane til å ta del i UKM.

– Vi vonar at mange av dei som er med her vil vere med på UKM, og vi veit at det er fleire som har tenkt på det, seier Bondhus.

For det nyetablerte bandet inst i lokalet er det uvisst om dei står på scena Ungdomens kulturmønstring for Volda og Ørsta vert arrangert i Ørsta kulturhus 5. februar.

– Det kjem litt an på om det vi får til blir bra. Viss det blir bra kan det hende at vi blir med.

Fristen for å melde seg på UKM er 29. januar.