Og folk sperra opp augo då Thomas Ryste som Palle spurta etter Lars Oscar Fossen Øvstegård gjennom sentrum under filminnspeling i samband med konserten til ære for Øvstegård komande torsdag.

Palle synest nemleg at han skal ha sin del av æra for opprustinga av sentrum, og på Strømpeneset Konferansesenter knabba like godt Palle diplomen som Lars Oscar Fossen Øvstegård fekk av kommunen nyleg som bevis for at han er kåra til Årets Eldsjel.

Resten av innhaldet i filmen får folk presentert på Ørsta kulturhus komande torsdag under konserten der ein av dei store, lovande artistane i landet, Kjell Inge Torgersen med band, skal spele og synge.

Torgersen er m.a. kjend for å vere ein eminent tolkar av artisten Sting sine låtar.

«Aks av gull» («Fields of Gold»), «Skjøre» («Fragile») og «Andedrag» («Every Breath You Take») er nokre døme på songar av Sting som er gjendikta av Torgersen.

På kulturhuset skal Torgersen også presentere julerelaterte songar på ein festkonsert altså til ære for sentrumspådrivaren Lars Oscar Fossen Øvstegård, som skal ha stor ære for oppussinga av sentrum med god støtte frå mange.

– Dette er ei hending alle bør få med seg. Folk vil få oppleve ein stor konsert med ein morosam vri med Palle og Lars Oscar på film. Ein skikkeleg godbit! Meiner Kulturhusleiar Janne Grytten Skarstein.

jagar: Ved Lina-tomta jaga Palle Lars Oscar Fossen Øvstegård. Foto: Roy-Arne Folkestad