Først ut var Marie Runde frå Runde som spelte "Fager er jordi" på sag.

Kven skulle vel tru at ei sag kunne skape magisk julestemning?

Gjesteartist var Øystein Eckhoff Holsvik, og koret hadde også med seg John Inge Leira Bjøringsøy på piano og Øyvind Aspenes Robak på fiolin og bandoneon.

Koret sjølv var også i storform, og viste kva dei er gode for, under kyndig leiing frå dirigent Nina Vedeld Telseth.