Det fortel Jostein Mo om minutta då han onsdag måtte gå på gangen under levekårsutvalet si handsaming av kven som skulle få kulturprisen til Ørsta kommune i 2016. Og levekårsutvalet vedtok at det nettopp var Jostein Mo som skulle få prisen.

Han får prisen for den kulturformidlinga han har stått for i ei årrekkje. Gjennom Ørsta-album, konfirmantboka i år og faste spalter i Møre-Nytt har han gjennom tekst og bilete formidla Ørsta-historie på sin måte, og til glede for tusenvis av lesarar.

I tillegg har Mo sidan han var sytten år, og vart valt til leiar i friidrettsgruppa i Ørsta IL, hatt verv i frivillig organisasjonsliv. Han har vore leiar i Møre og Romsdal idrettskrets i tjue år, og har site i forbundsstyret til Norges friidrettsforbund.

– Akkurat no har eg berre vervet som nestleiar i Ørsta Mållag, fortel Mo med eit smil.

Tilbake til onsdag ettermiddag. Då var Mo på møtet i levekårsutvalet som rågjevar i kulturavdelinga til Ørsta kommune. Han hadde førebudd ei rekkje saker for levekårsutvalet, mellom anna saka om kulturprisen.

– Handsaminga av kven som skal få kulturprisen er heilt spesiell. Administrasjonen gjev aldri tilråding, og administrasjonen har heller ikkje forslagsrett. Før møtet som skal avgjere kven som får kulturprisen sender eg ut brev til medlemmene om kven som er kandidatar. Kandidatlista er bygt på innsende forslag og på folk som har vorte med vidare på lista etter tidlegare års nomineringar.Lista vert altså sendt ut til medlemmene på gamlemåten som brevpost. Det er fordi det må vere hemmeleg kven som er kandidatar.

– Kandidatlista tek medlemmene med seg til møtet, og i tillegg har medlemmene sjølve forslagsrett under handsaminga av saka, fortel Mo.

Og det var nettopp det som skjedde onsdag. Under handsaminga av saka kom eit medlem med forslag på Mo.

– Då vart eg paff. Og eg måtte berre forlate møtet, seier Mo.

Då saka var ferdig handsama, og han vart kalla inn på møterommet igjen, vart han gratulert som vinnar av kulturprisen i 2016.

– Eg har aldri tidlegare hatt ei slik kjensle av å verte sett ut, seier Mo.

Han er rørt og glad over å verte tildelt kulturprisen, og vedgår at torsdagen, dagen etter at tildelinga vart kjend, ikkje vart slik som planlagt. Det var mange som ville helse og gratulere.

Det er altså fyrst og fremst som formidlar Mo får kulturprisen.

– Eg har gjennom arbeidet mitt fått i hende mange bilete og tekstar om folk og hendingar. Eg kunne ha valt berre å arkivere dette. Men det passar ikkje for meg, for eg ynskjer at også ålmenta skal få ta del i denne delen av historia. For desse bileta og denne historia er i botnen allemannseige. Det var difor eg tok initiativ til å gje ut Ørsta-album, og tok kontakt med Møre-Nytt om ei fast fotospalte, "Det var den gongen". Eg hugsar eg vart oppmoda av dåverande rådmann Per Hovden til å engasjere meg i dette arbeidet, fortel Mo.

Serien med Ørsta-album er avslutta, og i år gav Mo ut ei bok om konfirmanthistoria til Ørsta kyrkje.

– Eg har framleis eit stort tilfang av bilete. Så lenge eg meiner eg har kompetansen, så lenge kjeldetilfanget er der, og så lenge eg har motivasjon, vil eg halde fram med å formidle, seier kulturprisvinnaren.

Kulturprisen vert delt ut av ordføraren under kommunestyremøtet om ei veke.

– Der reknar eg med å vere til stades, seier han med eit smil. For i tillegg til verv i det frivillige lagslivet og arbeidet som kulturformidlar, er han også politisk aktiv.