Det fortel fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen.

Totalt 71 stader får besøk av båten, som er fullasta med bøker, lydbøker og boksekkar. Bokbåten er eit unikt tilbod til mange små stadar i Møre og Romsdal.

I tida 28. september til og med 6. oktober, er det stoppestadane sør for Ålesund som får besøk. Den 4. oktober kjem båten til Austefjorden, Folkestad og Barstadvik, den 5. oktober til Vartdal, Hjørungavåg og Ramstaddalen, og den 6. oktober til Hundeidvika, Sæbø og Bjørke. Frå 17. oktober til 31. oktober er det stoppestadane nord for Ålesund får besøk.

På sørturen er Per Jostein Aarsand med. Han begeistrar publikum med historia om verdas snillaste og gatas sterkaste hund, Rocky. Jostein fortel og syng med varme og humor om denne bestekameraten. Per Jostein Aarsand var i fleire år kunstnarisk leiar for Fortellerfestivalen i Oslo. No reiser han rundt med førestillingar og underviser i forteljekunst i heile landet. I 2013 vart han nominert til Gullsekken for beste skuleførestilling.