«Pylse og konjakk» heiter ei av platene til Vassendgutane. Konjakken mangla, men det la slett ingen dempar på stemninga då Vassendgutane laga DVD på flåten Saga Sniglar på Vatnevatnet. Der vart det filma frå alle kantar på vatnet medan karane i bandet grilla og maula pølser så det taut ut gjennom øyra på dei innimellom gitarspeling og song, medan fineveret viste seg frå si beste side på Vatne, midt i Vassendgutane sitt musikalske rike.

Det vart også tid for fisking, men det var ikkje kreder som beit på kroken, men derimot pylser (!) vart hala om bord i flåten der maskinist Rune Brautaset handterte påhengaren som ein røynd ferjemann med seksti års fartstid.

Jubileum

Vassendgutane er 20 år i år, og det er difor dei no lagar ein DVD som skal sleppast til jul. På DVD-plata vil fansen få oppleve ein rykande fersk livekonsert frå Seljordfestivalen der bandet spelte 30. juli. Pettersen Media, den leiande medieprodusenten på Vestlandet, står bak produksjonen som vert den tredje DVD-en frå Vassendgutane.

Som bonusmateriell på DVD-en kjem der også intervju med musikarane. Det vart gjort i vasskanten nedom studioet til Svein Erik Åmås. Der fortalde den eine etter den andre i Vassendgutane at dei har stor tru på tju nye år med bandet, og at dei framleis vil satse på den folkelege festcountry-musikken som fengjer så mange landet over.

Så med pylser i vomma er karane klare for mange år med musikalske sprell for folket. Mange klistrar nok eit «smilefjes» til det.

<strong>Stemning:</strong> Intimkonsert på Vatnevatnet måtte til då Vassendgutane laga bonusmateriell til ein ny DVD. Foto: Roy-Arne Folkestad
<strong>DVD:</strong> Tysdag vart det gjort opptak til ny DVD med Vassendgutane på flåten Saga Sniglar på Vatnevatnet. Foto: Roy-Arne Folkestad
<strong>Pylse:</strong> Sindre Aam har fått napp. Og det var ei pylse som hadde bite på sluken hans. Foto: Roy-Arne Folkestad