Stiftinga MS Hindholmen held fram feiringa av MS Hindholmen; 100 år i 2016. Dette vert og markert under Naturfestivalen med Maritim dag på Vartdal førstkomande søndag ettermiddag. Vanlegvis har det vore servert potetball ombord i Hindholmen under Naturfestivalen, men i år gjer vi eitt unntak.

På menyen står nemleg bacalao. Og det vil skje inne i den gamle klippfiskbua, der det frå 1954  til 1990 vart produsert prima klippfisk, som deretter vart eksportert til m.a. Brasil, Spania, Cuba, Afrika m.fl.

Sjøbudørene vil stå opne ut mot Hindholmen, nett slik båten låg i sine aktive arbeidsår og lossa fisk. Inne på bua vart fisken vaska og tørka til ferdig klippfisk, pakka og sendt til fjerne himmelstrok..Fiskelukta sit enno att i veggane, noko som gjev ei ekstra sanseoppleving tilbake til tidlegare tider med slit, kulde og hardt arbeid. Claus Frimans ord kan passe i denne samanheng. «Ondt lider den Fiskermand Som ud maa fare før hanen galer All dagen pladske i kolde Vand På mad ei tenke før solen daler»

Og til bacalaoen vert det noko attåt. Nemleg opera. Ålesundjenta Kathrine Amdam Eckholm vil frå bakken eller galgedekk på Hindholmen tone ut si vakre operarøyst, og på repertoaret står kjende songar med tema frå sjø og hav. Kathrine har studert ved statens operahøyskole i Oslo og har ein bachelorgrad i utøvande klassisk sang  med fordjuping i pedagogikk frå Barrat Due Musikkinstitut. Kathrine har bl.a. jobba for distriksoperaen i Noreg, operan «Suor Angelica» i Spania, turnert i inn-og utland med div. songensemble. Ho har vore solist med orkester og i fleire kyrkjemusikalske verk. Kathrine jobber og som kordirigent og sangpedagog.

Det vert og eit foredrag i lasterommet/museet på Hindholmen , «om skuta og restaureringsarbeidet» v/Brit Aarseth. Omvisning ombord. I byssa vert det servert kaffi.  «Butikk, båt og reiarlagsmuseet» og «Miss Boyd-museet» ved kaia vert og ope denne dagen.

Alle hjarteleg velkomne. Arrangør: Stiftinga MS Hindholmen.

Brit Aarseth