Etter tre år med sommar-kunstgate i Ørsta er det vel på sin plass å kalle kunstgata i Vikegata for ein fast tradisjon.

I år er det ekstra fokus på dei minste, og barnehagane i Ørsta har velvillig stilt opp med fargesprakande kunstverk, laga av små kunstnarhender.

Fredrik Chr. Langlo frå Volda og Ørsta kunstlag stod for den offisielle opninga og snorklippinga.

- I kunstlaget er vi ikkje berre opptekne av vaksne kunstnarar, men også dei små. Vi har hatt samarbeid med Farkvamen barnehage for eit par år sidan, der vi laga til ei kunstutstilling på kunstuset, og dette er noko vi vil jobbe for å få meir av. I periodar der kunsthuset står ledig, hadde det vore fantastisk å låne det ut til barnekunst, helsa Langlo.

Koordinator for kunstgata, Carl-Åge Henriksen fortel om brei oppslutning, også for årets gate. Alle butikkane i gata har stilt vindauga sine til disposisjon for lokale kunstnarar, og Henriksen fortel at dei også har oppmoda kunstnarane om å rullere på kunsten sin slik at der er stadig nye ting å sjå.

- Det er verkeleg verdt ein tur til gågata for å kike!