Løypa er ei blå løype med spørsmål som leier til ein flott tillaga plass med benkar og bord der fjelltrimposten står.

Hit har også Lurivar frå Ivar Aasen-tunet teke turen, og har sett opp eit utandørs barnebokbibliotek. Utebiblioteket finn du viss du går vegen fram mot Mosetra, tek til venstre når du møter skiltet som står Daleteigane på, og følgjer råsa med dei blå banda på til du kjem til plassen som Vikemarka skule har laga til.

Du kan også følgje vegen mot Mosetra og ta til venstre når du kjem til skiltet som står «Fjelltrimpost» på.

– Vi takkar Ørsta folkebibliotek og Birgitt Barstad Sørheim for initiativet, grunneigar Solrun Eikebø Solbakken som har gitt oss løyve, og Maria Maude for konsulenthjelp, seier bibliotekar Siri Beate Gjerde frå Ivar Aasen-tunet.