Sommarles er ein digital lesekampanje for 1.-7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. Målet med kampanjen er å få så mange barn som mogeleg til å halde ved like og kanskje også betre leseferdigheitene i løpet av ein lang sommarferie.

- Sommarles har eksistert i fleire år i Møre og Romsdal, men det er første år det er med ein digital kampanje. Vi gler oss til kampanjen i år! Med å gjere lesing litt ekstra morosamt håpar vi at mange vil halde leseferdigheitene ved like gjennom sommaren, seier Annette Elin Koch ved Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal.

I år er kampanjen nettbasert. Barna lager seg ein profil, vel eit brukarnamn, registrerer bøkene dei har lest og samlar poeng og digitale trofé for kvar leste bok. Det vankar også fysiske, kule premiar når dei unge lesarane når ulike nivå. Ved å lese og svare på spørsmål til sommarlesforteljinga i år, får dei også ekstra poeng og digitale trofé.

Den kjente fantasyforfattaren Mari Moen Holsve har skrive eit frittståande framhald på sommarlesforteljinga i fjor som heiter «En tyv i natten». Forteljinga er spesialskrive for Sommarles 2016, og kvar andre veke får barna ein ny episode, med spennande oppgåver knytt opp mot denne.