Låten er den andre i rekkja frå Beady Belles komande album, som kjem i september i år.

– «Bury» er djupt planta i soul og R & B, men ber også preg av 70-tals-jazz. Han er spelt inn med akustiske, gamle og originale instrument, noko som gir ein heilt eigen rufsete og upolert sjarm. Singelen har ei energifull tyngde – likevel er lydbildet både leikent og fengjande, heiter det i ei pressemelding.

– Det er berre å ta på seg slengbuksene og bli med på dansen, seier Beate S. Lech sjølv.

Lansering på Hamar

Lanseringa vert feira med konsert på AnJazz (Hamar Jazzfestival) fredag.

Sidan den første plata hennar, «Home» frå 2001, har Beady Belle spelt konsertar i over 27 land, turnert med den berømte jazz-songaren Jamie Cullum, og samarbeidd med soul-stjerna India Arie. Albuma «Closer» og «At welding bridge» vart nominert til spellemannsprisar i 2005 og 2010, og musikkvideoen til songen «self-fullfilling» vart nominert til beste musikkvideo i 2008.

I tillegg til Lech, består Beady Belle av Bugge Wesseltoft (piano), Torun Eriksen (bakgrunnsvokal)l, Gregory Hutchinson (trommer) og Reuben Rogers (kontrabass).