For regissør Hallvard Bræin frå Vanylven var det naturleg å legge delar av innspelinga til heimlege trakter.

– Eg er født på Sunnmøre, og har vore her i alle feriar i oppveksten. Eg har vore med på slåtten og hesja. Når eg kjem på butikken på Åheim så spør folk om «kor lenge skal du vere heime?». Det er eg veldig stolt av, og eg kjenner på mange måtar at rotfestet mitt er på Åheim og Sunnmøre, seier Bræin.

Litt forseinka kom innspelinga i Volda i gang torsdag ettermiddag, og heldt fram fredag. Mange møtte fram for å sjå på filminnspeling, og dei fekk også sjå Kjell «Kjellen» Bigset i aksjon som ferjemann.

– Eg tykkjer det er veldig svært å få eit slikt tilbod, det er det ikkje tvil om, seier Thomas Ryste som står bak karakteren.

Bræin understrekar at dei berre har møtt velvilje under innspeling på Sunnmøre, og at publikum berre kan gle seg til hausten og premiere på Børning 2.

– Det håpar eg verkeleg, og vi skal ha kjempekjekke premiearrangement med m.a. ei diger premiere i Fosnavåg. Det er berre å gle seg, og eg vonar at det kjem til å bli ein artig haust.