– Det er litt uverkeleg at det går an, seier hovdebygdingen Stig «Ulv» Ulvestad.

Laurdag heldt han intimkonsert for 70–80 frammøtte på Ørsta Torg i samband med platesleppet for sitt nye album «Dur».

– Eg såg føre meg at der kom ein liten gjeng. Det var heilt uventa at det skulle kome så mange. Det er berre så kjekt! Dette er noko eg berre torde å drøyme om for få år sidan.

Sjølvtillit

Han såg føre seg å sleppe eitt album. Men så viste det seg at publikum ville ha meir. Og Stig Ulvestad hadde meir å gi. Og no torer han å stå aleine.

– På dei to første albuma mine hadde eg med mange instrument. No prøver eg å nærme meg eit uttrykk som skal vere slik det høyrest ut når eg spelar live. At det er gitaren og den gode melodien som skal vere i fokus, og at dei kan stå aleine. Eg føler musikken min har vorte vaksnare, og at låtane har vorte betre. Eg føler at eg treff best ved å spele aleine. Det er meir ekte. Det er det som er Stig Ulv. Det er ein fyr med gitar som sit aleine på ei scene.

Sjølvtilliten har vakse dei siste åra, og det er tilhengjarane som gir han trua på at han gjer noko som er rett gjennom sine akustiske forteljingar på gitaren. Dei har attpåtil fått sitt eige spor på den nye plata som heiter «Takk».

– Det er ei helsing til alle som har meint noko om musikken min. Kanskje særleg til dei som har kome med positive tilbakemeldingar. Det betyr mykje.

Også kona får mykje av æra for at Ulv torde å satse vidare.

– Eg hadde tenkt å slutte i 2013 då mi andre plate kom ut. Eg fekk meg ein liten nedtur, og bomma litt med konsertane mine. Det var dårleg oppmøte og eg tapte mykje. Det var ho som meinte at eg ville stå stødigare på eigne bein.

Og både frua og sonen, som vart fødd i april, har fått sine eigne lydspor på det nye albumet.

Lyd

– Alle platene mine er i stor grad basert på livserfaringar. Det skildrar ei sinnsstemning.

Og når det gjeld namnet på den nye plata, «Dur», så handlar det ikkje om dur og moll.

– Det handlar om at dur er ein lyd, og at eg vil at Stig Ulv skal ha ein kjend dur, ein bestemt lyd, eit distinkt varemerke. Så for meg har dette fleire tydingar.

Den første plata fekk namnet Strengetonar. Så kom Klimprar, og no Dur. I tillegg har han gitt ut eit Live-album.

– Det er titlar som trekk litt i gitarinstrumentalbana. Eg vil gjerne at folk skal kjenne att albuma mine.

Ørsta

Han kallar «Dur» for eit heiltstøypt Ørsta-album. Det er Stig Ulvestad og Henning Svoren som har vore produsentar, og Egil Olsen som har laga coveret.

Platesleppet på Ørsta Torg var for å gi ørstingane ein liten smak av musikken til ein mann med ein travel timeplan.

– Ørsta ligg ikkje inne på turnelista akkurat no. Kanskje kjem det noko etter kvart, seier musikaren som har halde om lag 40 konsertar årleg sidan 2012.

– Det desidert beste eg veit er å spele live og vere på turné.

Og mannen lovar meir musikk til folket.

– Det kjem meir. Eg har mange låtar som er ferdige, men som ikkje kom med no.

<strong>Plateslepp:</strong> Med plata «Dur» er Stig Ulvestad ute med sitt fjerde album. Coveret er laga av Egil Olsen.