Petter Bjørdal (Ap) meiner det er svært uheldig at ei framtidig kryssing av Ørstafjorden framleis ikkje er vedteke i nokon plan i Ørsta kommune. Bjørdal siktar til kommunedelplanen for sentrum og Hovdebygda som no er på høyring.

- Viss fjordkryssinga skal kome med i den neste nasjonale transportplanen (NTP) hastar det veldig å få vedteke kommunedelplanen. Arbeidet med NTP er i gang, og utan ein godkjent kommunedelplan kjem sjølvsagt ikkje Ørstafjordkryssinga med i NTP.

Petter Bjørdal minner også om at den nye NTP kjem til å passere fylkestinget i Møre og Romsdal hausten 2015. Og kommunen vil få planframlegget på bordet allereie neste vinter.

Ikkje garanti

- I dag ligg det føre vedtak frå fylkestinget om kryssing av Ørstafjorden. I neste runde har ein ingen garanti at fylkestinget, som er eit særs viktig og tungt organ i samband med høyringsprosessar, held fast på Ørstafjordkryssinga. Og seier fylkestingtet nei, kan slaget vere tapt, fryktar Bjørdal.

Han saknar framdrift og tempo i planarbeidet i kommunen.

- Det burde vore større trykk i utviklingsarbid generelt i Ørsta, meiner Bjørdal.

Fylkestinget

Han er ikkje overraska over at Hafast vart valt til stamveg for framtida. Bjørdal var sjølv med og røysta for Hafast i fylkestinget, men fekk også med den viktige setninga om at fylkestinget også går for Ørstafjordkryssinga.

- Eg såg mulegheita i at Ørsta kunne få vekk gjennomgangstrafikken frå sentrum - og på lang sikt gjennom bru over Ørstafjorden - sikre at reiseavstanden frå Ørsta til Ålesund vart den same som med Hafast.

Bjørdal er alt anna enn overraska over valet av Hafast.

- Det har lege i korta heile tida. Hafast-lina og aksen frå Ulstein/Hareid til Kristiansund er den mest folkerike delen av fylket. Ynskje om fastlandssamband har vore svært sterkt i området, og næringslivet har vore tungt inne heile tida i eit krav om ferjefri E39, forklarar Bjørdal.

Han viser også til at fylkesårsmøta i Høgre og Framstegspartiet har ropt høgt om Hafast.

- Det ville ha vor veldig oppsiktsvekkjande dersom regjeringa og partia Høgre og Framstegspartiet,  gjekk imot Hafast, vurderer Bjørdal.

Bana

Han oppmodar fleire enn Ørsta Frp og Ørsta Høgre å kome på bana og arbeide for ein plass på fylkestinget.

- Fylkestinget er eit særs viktig organ i store samferdselssaker. Difor er det viktig at Ørsta er representert der på ein god måte, erfarar Petter Bjørdal.