Folk let seg begeistre over måleria som 39-åringen no har hengande på kaffibaren Fugl Føniks i Ørsta.

– Bileta har fine fargar og er utanom det vanlege. Ja, eg vert i godt humør over å sjå dei, fortel Eva Jørgensen.

Ho sit og nyt laurdagskaffien saman med veninna Heidi Lillebø. På veggen over dei heng eit bilete av ein gul og kvit folkevognbuss. Damene synest bileta er flotte, og meiner dei passar godt inn i kaffibaren sitt miljø.

Lena Bratteberg takkar forsiktig.

Motiverande

– Det er motiverande når folk rosar bileta, og eg vert like overraska kvar gong nokon vil køpe eit. Då føler eg meg heidra. Ja, det er sterkt å vite at nokon i det heile har eit bilete laga av meg på veggen heime.

Mange år

Kunstinteresserte Lena Bratteberg har i mange år forma bilete heime i Rystefeltet. Ho gjekk i ungdomstida linja for teikning, form og farge i Ørsta, men er elles sjølvlært. Og ho er ikkje den som stikk seg fram. Difor er det sjeldan ho stiller ut bilete, sjølv om ho etter kvart har mange av dei, og bileta definitivt vil interessere mange.

Kol

Tidlegare har det handla om teikningar laga med krit og kol. Og kvinnekroppar og hud har vore sentrale motiv. I seinare tid har ho gått over til meir røffe ting som motorsyklar og folkevogner. Ja, ho har ei spesiell interesse for gamle folkevogner, og seinast no i helga kunne ho superglad ta imot ei råflott “boble” frå 1969 heime på tunet. No har ho gått over til akrylmåling, og ho har funne strengen der også.

Overraska

– Eg vart faktisk overraska over at eg klarte å få til akrylmålinga såpass som eg gjer, seier ei audmjuk Lena, til dagleg assistentlærar på Ørsta vidaregåande.

Det starta med at ho måla eit portrett av mannen sin saman med motorsykkelen. Og så vart det reine bilete av motorsyklar - og nærbilete av blank metall og svart skinn og lakk, noko tobarnsmora synest er interessant og utfordrande å få til med penselen. Og no er det altså fargerike folkevogner og folkevognbussar - frå tida som var - som appellerer.

Mexico

– Den eldste dottera mi er for tida i Mexico der ho studerer spansk. Det er jo der dei laga folkevognene, og eg har gitt ho beskjed om å ta bilete når ho kjem over nokre, og maile dei over. For det er mange nostalgiske bilar eg kunne ha tenkt meg å måle framover, smiler Lena Bratteberg.

Bileta hennar på Fugl Føniks, som er til sals, skal henge på kaffibaren til ut i mars.