På spørsmål frå Møre-Nytt om stamvegen skal ha ei mest mogleg rett line, eller vere ei slalåmløype gjennom Vestlandet og Nord-vestlandet, er komiteleiaren lite villig til å vere klar.

Hafast/Fefast

– Du siktar til kryssinga av Nordfjord? Spurde Hareide.

– Ja, og valet mellom Fefast og Hafast.

– Fefast kjenner eg for lite til, og når det gjeld Hafast skjønar eg argumenta til Ulstein og Hareid. Men vi veit også at der står att å sjå om ein kan få på plass dei teknologiske løysingane for eit slikt prosjekt, seier Hareide.

Men han er likevel klar på at Stortinget vil lytte til kva som vert sagt regionalt.

– Fylkestingsvedtaka for KVU-utgreiingane vil verte tillagt vekt, seier Hareide.

Slalåmløype

Men det er då han også ser at stamvegen kan verte ei slalåmløype. – Og at ein stamveg skal ha ein nasjonal funksjon må leggjast vekt på, seier komiteleiaren til Møre-Nytt.

Onsdag var komiteen på gjennomreise i regionen, og fekk mellom anna køyre igjennom Kvivsvegen.

Kvivstunnelen

– Det var flott å kunne køyre igjennom Kvivstunnelen knappe to veker før han opnar. Men eg registrerte at han somme stader ikkje hadde gul stripe, KrF-fargen, men det reknar eg med er på plass til opninga, skjemtar Hareide.

Han og komitemedlemmene starta turneen i Førde måndag, og avsluttar i Molde torsdag (i dag). I løpet av denne reisa skal komiteen ha fått innblikk i samferdselsutfordringane for regionen, som E39-trase, ferjefri kyststamveg, utfordringar for ferjedrifta, utfordringar for kystverket osb. Under samlinga i Ørsta var det eit særleg fokus på ferjer, men det vart også gjeve orienteringar om Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga.

Ordførar Rune Hovde i Ørsta og ordførar Arild Iversen i Volda var påpasselege med å påpeike behovet.

Voldatunnelen

– Ørsta og Volda står samla om å få inn Voldatunnelen og Ørstafjordkryssinga i Nasjonal Transportplan, og med bompengefinansiering, sa Iversen. Han peikte på dei trafikkutfordringane som vert med auka trafikk gjennom Volda sentrum.

– Og då må ein også minne om at trafikken gjennom Ørsta sentrum allereie er på det nivået som Volda sentrum vil få, sa ordførar Rune Hovde.

Etter møtet var ordførar Hovde nøgd. – Vi fekk presentert dei utfordringane vi har, og eg registrerer også at fleire tilbakemeldingar er gode, seier Hovde.