Dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet, Gaute Øvereng, heldt tale ved Ivar Aasen-statuen i sentrum torsdag føremiddag. Dette er den offiselle opningsmarkeringa og starten på ei helg med eit rikhaldig program.

Fullstendig programoversikt finn du her.

Utdrag frå talen til Øvereng:

- Den 29. august 1842 får Ivar Aasen ei tillitserklæring i posten. Eit brev frå Vitskapsselskapet i Trondheim gir han det endelege svaret han har venta på i meir enn eitt år: ei stadfesting på at han dei neste to åra har ei sikker inntekt og det oppdraget han ønskjer. 150 spesidalar i året får han for å halde fram å undersøke og bearbeide dei norske dialektane leksikalsk og grammatisk.

- Aasen fekk stor tillit i fagmiljøet, men for at innsamlingane skulle bli vellykka, måtte han også vinne tillit hos dei som snaka språket. Dette var han svært medviten om. Aasen vann tillit i alle lag av samfunnet, og visste at det var nødvendig.

Ivar Aasen skreiv sjølv i "Om vort skriftsprog" i 1836:

"Vi treng aldri å søkje ut av landegrensene etter eit språk. Vi burde heller leite i våre eigne gøymsler og sjå etter kva vi sjølv eigde før vi tok til å låne av andre."

- Lånet frå utlandet har ikkje blitt mindre i tida etter. Men gjennom Dei nynorske festspela skal vi vise oss tilliten verdig, og løfte fram det språket som er bygt på vårt eige. I respekt og takksemd til Ivar Aasen, helsa Gaute Øvereng.