– Vi er som ein stor teaterfamilie fram i Åmdalen. Og vi kjenner på tomheita når alt er over.

Marit Brautaset fortel om ein liten depresjon då framsyningane for Åmdalsrevyen Grense Åmdalselv var ferdige i april. Kva skulle ho då styre med fram på dalen? Men no slepp ho å tenkje på det ei lita stund, for no har Åmdalsrevyen bestemt seg for å setje opp to ekstraframsyningar av suksessframsyninga Grense Åmdalselv som i vår vart synt fire gonger for over tusen publikummarar.

– Vi føler vi ikkje er heilt ferdige med denne revyen. Mange er interessert i å sjå revyen. Så no er det berre å springe og kjøpe billettar. Dei som såg revyen på ungdomshuset vil få oppleve noko heilt anna på Ørsta kulturhus, der har dei jo stor scene og greier.

Marit Brautaset og Maria Hovdenakk storgler seg til første veka i juni.

Sjømann

– Bassisten i revybandet vårt er sjømann, og vi må sjølvsagt vente til han er komen på land. Difor vert framsyningane onsdag og torsdag, 3. og 4. juni på Ørsta kulturhus, fortel damene.

Brautaset og Hovdenakk er mellom dei over tretti personane som er med i revygruppa til ungdomslaget i Åmdalen. Og begge er sentrale i revyen som vart sett opp i vår, og som var den første Åmdalsrevyen på sju år. Folk snakkar om årets revy som kanskje den beste gjennom historia for Åmdalsrevyen som starta opp i 1982.

Grense Åmdalselv er ei ekte «det beste-framsyning», der høgdepunkta frå revyinnslaga på ei rekkje skalkefestar opp gjennom åra er sydd saman til ei to timar lang framsyning som tretten skodespelarar, unge, middelaldrande og eldre, deler til publikum.

Revynummera vert til etter alvorleg mykje kaffidrikking og preik i ungdomslaget si teatergruppe der Marit Brautaset er leiar. I starten er suppa gjerne tynn, men så klakar det på seg. Og når premieren er nær, handlar det berre om kva dei må ta vekk av gode sketsjar og poeng.

Marit har vore med på fire revyar medan Maria har vore med i revygruppa siste sju åra. Dei storkosar seg i miljøet.

– Teatermiljøet i Åmdalen er viktig for mykje. Ein godt lått aukar trivselen i bygda.