– Målet på sikt er at vi skal verte ein av dei leiande aktørane på Søre Sunnmøre og i Nordfjord, seier eigedomsmeklar MNEF Nina R. Bjerkvik.

Ho har ti års erfaring som meklar i Ørsta/Volda-området og er no henta til Krogsveen som har 46 meklarkontor i landet, der ein finn to av dei i Ålesund.

Bjerkvik er tilknytt kontoret på Moa, men har eigen base i Bruksbutikken i Garvargata i Ørsta der ho no på plass.

– Vi har ikkje sørva søre-marknaden på ein fullgod måte før, men no satsar vi for fullt i eit område med stort potensial. Nina R. Bjerkvik er ein person med lang erfaring. Ho har selt bustader med hell i ti år og er ein person folk likar, seier dagleg leiar for avdelinga på Moa, Halvard Aarseth.

Han viser til at det var Bjerkvik som bygde opp Eigedomsmeklar 1 på Søre Sunnmøre.

Gler seg

Nina R. Bjerkvik gler seg til å selje eigedomar for Krogsveen.

– Det er stort behov for ein ny aktør i dette området, og eg gler meg veldig, seier Bjerkvik som følte behov for nye utfordringar etter ein mangeårig periode i Eigedomsmeklar 1.

Krogsveen har eit bustadsøkjeregister som selskapet sine representantar meiner er eit svært godt verktøy for kundane. Nær 18.000 bustadkjøparar er oppført i registeret.

– Bustadsøkjande kan registrere seg i registeret og verte kontakta av meklarane når bustader dei er på utkikk etter kjem på marknaden. Dette kjem bustadseljarane til gode ved at meklarane kan ha ein kjøpar til nettopp din bustad allereie før første visning, fortel Aarseth og Bjerkvik.

Historie

Krogsveen vart etablert i 1975 av eigedomsmeklar Gunnar Krogsveen. I 2005 kjøpte Fokus Bank (no Danske Bank) verksemda.

Krogsveen opplyser at de har mellom 10 prosent og 30 prosent marknadsdel i områda dei har dekning.

I fjor formidla meklarfirmaet 8.300 eigedomar og omsette for 490 millionar kroner.