Til hausten vil dei vere på plass i nyrenoverte og spesialtilpassa lokale i same bygget som Sparebanken Møre held til på Ørsta Torg. Dei gler seg.

– Ja, dette skal bli flott. Vi har møtte fantastisk sørvis og engasjement frå utleigaren, Eiksundregionen Bu og Virke, seier Marianne Hauge Kriken i Optimal Helseklinikk.

Ho eig klinikken som i dag held til i Nordea-bygget i sentrum saman med Birger Nilsen. Klinikken har to kiropraktorar, to fysioterapeutar og pilates/yoga-instruktør, og har også tilbod om trening. No ønskjer dei å utvikle seg ved å flytte til kjernen i sentrum, midt mellom gågata og Amfi, der dei får skreddarsydde lokalitetar på kring 350 kvm.

Utvikle

– Vi brenn for å kunne bidra til å utvikle gågata og området ikring. Ein må vere medviten vala sine viss ein skal halde liv i gågata. Banken si satsing i Ørsta Torg er eit viktig bidrag. Vi har møtt ein profesjonalitet hjå dei som er enormt bra, og vi er glade for at vi tok kontakt med banken om ei mogleg etablering i lokala deira, seier Hauge Kriken.

Merete Hjellen Mork, som eig og driv Hud og Laserklinikken i Volda, oag m.a. tilbyr kosmetiske behandlingar, ser også fram til å kome inn i Ørsta Torg-bygget.

– Eg har det veldig fint i Hamnegata i Volda, men eg ønskjer å verte endå meir synleg, og det vert eg på Ørsta Torg. Eg har også behov for meir plass, og på ein betre måte å skilje den kirurgiske delen frå det andre eg driv med, fortel Mork som skal tilsetje ein sjukepleiar.

Skape vekst

Administrerande banksjef for Sparebank 1 Søre Sunnmøre, Solveig Midtbø, fortel at dei gjennom å fylle ledig areal i Ørsta Torg med nye aktørar håper å skape vekst og utvikling i denne delen av kontor- og handelsområdet i sentrum.

– Å knyte saman gågatekvartalet og Amfi på ein god måte, er viktig. Det vi no gjer er vonleg eit steg i rett retning av ei betre sentrumsutvikling, reflekterer Midtbø.

Sparebanken skal også inn i dette kvartalet, og det er ei målsetjing at dei skal flytte ut frå lokala i Vikegata i løpet av sommaren. Målet er juni. På Ørsta Torg skal banken disponere om lag 450 kvadratmeter.