Ørsta viste klasse då laget slo Larsnes/Gursken 4-2 på Riverplate stadion fredag kveld.

- Dette er den beste kampen vi har spela med meg som trenar. Det var stor innsatsvilje i laget, fortel trenar Thomas Lid Kleppe.

Larsnes/Gursken spela i tredjedivisjon i fjor, og er ein av favorittane til opprykk. Men heimelaget møtte eit Ørsta-lag som også har lyst til å kjempe i toppen. Ørsta gjekk aggressivt ut, og la tidleg press på heimelaget. Og etter tolv minutt gav innsatsen resultat. Ørsta fekk eit frispark ved corner. Fredrik Jørgensen slo inn i feltet der Terje Haugen Øye fekk tåa på ballen og skåra.

Ørsta la på til 0-2 etter ein halvtime då Vidar Liaskar slo eit frispark i feltet som Tore Orten stussa i mål med hovudet.

Ørsta gjekk ut med høg  aggresivitet også etter pause, og laget skapte ein del sjansar. Men tempoet gjekk noko ned, og etter seksten minutt skåra heimelaget på eit hjørnespark. Like etter sette Ørsta inn Mats Øvrebotten og Markus Halse, noko som skulle vise seg å vere eit godt trekk. Det vart meir trykk i angrepet, og nokre minutt seinare vart Øvrebotten spelt gjennom av Torstein Lianes. Øvrebotten runda keeper elegant og la på til 1-3.

Kontrollerte

- Dette var eit veldig viktig tidspunkt å skåre på. Etter dette kontrollerte vi kampen, seier trenar Lid Kleppe.

Åtte minutt før full tid punkterte Ørsta kampen fullstendig etter at Odd Arne Brynjulfsen slo inn i bakrommet, Mats Øvrebotten jaga ballen, keeper rykte ut og bomma på ballen, og Øvrebotten skåra sikkert.

Heimelaget fekk eit trøystemål heilt på tampen då dommaren meinte at Tore Orten handsa med vilje. Larsnes/Gursken skåra på straffesparket og Orten vart utvist etter at han fekk sitt andre gule kort.

Etter to kampar har Ørsta fire poeng. 1. mai spelar Ørsta heime mot Valder.

- Eg oppmodar folk om å kome og støtte oss. Vi treng eit godt heimepublikum i ryggen. Vi spelte ein veldig god kamp mot Larsnes/Gursken, og kan ha noko på gang no, seier trenar Thomas Lid Kleppe.