Eit stort fleirtal i kommunestyret har sagt ja til at Uno-X får setje opp ein automatstasjon for drivstoff ved Rema-butikken på Ose.

Det handlar om to pumper på det nordlege området på Rema sin parkerinsgplass. Gunnar Knutsen (V) var mellom dei som argumenterte imot Uno-X-etableringa. Han fekk med seg Senterpartiet og SV i eit negativt vedtak for Uno-X-stasjonen. Knutsen peika på vel kjende argument mot etableringa, fare for ureining av Ørstaelva, auka trafikkmengd og ein stasjon som vil få bråk og uro frå ungdom.

Ove Røv (H) gav uttrykk for at argument som vart brukt i saka var som å måle ein viss mann på veggen.

Rimelegare

- Denne stasjonen vil ha den beste sikringa mot ureining av bensinstasjonane i Ørsta. Vi må få ein ny bensinstasjon i Ørsta. I Ulsteinvik og Ålesund er bensinen ei krone rimelegare enn i Ørsta, sa Røv.

Verken Tove Halse Digernes (Sp) eller Stein Aam (Sp) har tru på at det vert rimelegare drivstoff i Ørsta med ein ny stasjon.

Digernes meinte m.adet kunne vere fare for arbeidsplassar på eksisterande bensinstasjonar i kommunen, medan Aam la stor vekt på naboengasjementet mot stasjonsetableringa på Ose.

Paul Kristian Hovden (KrF) er imot etableringa, og meinte det var forbausande å vedta ein ny reguleringsplan i dette området kort tid etter at det var vedteke ein reguleringsplan for området.

Petter Bjørdal  (Ap) meinte det ville vere respektlaust å seie nei til denne reguleringssaka.

21 røysta for reguleringsplanen medan elleve røysta imot etableringa av Uno-X-stasjonen.