– Vi produserer edamer frå månadsskiftet januar/februar fire dagar i veka fram til juli, fortel avdelingsleiar for Tine Meieriet Ørsta sin kvitostproduksjon, Mona Mjånes Reitan.

Ho vert nær blank i augo når ho snakkar om edamerosten, denne noko syrlege kvitosten som mange elskar å ha på brødskiva i jula. Vel 600 tonn vert produsert på Tine sitt spesialmeieri i Ørsta kvart år. Prosessen fram til at den karakteristiske raude ostekula ligg lagra i kasser på lageret er omfattande.

Ystekar

Det heile startar i tre ystekar som rommar 12.000 liter kvar. Dette er standardisert kumjølk som er varmebehandla og tilsett mjølkesyrebakteriar, og løpe som gjer at mjølka stivnar. Etter nokre timars godgjering i dei store kara vert ostemassen sendt vidare til forpressing og deretter etterpressing som formar osten til runde kuler. Så går turen til saltlakerommet der osten vert lagt i saltlake i 20 timar. Dagen etter vert osten pakka. Tidlegare gav dette ofte overtidsarbeid, men ein ny robot og ei ny pakkemaskin er så effektive at det nærast er slutt på dette. Nest siste stoppestad for edameren er gjæringsbuda.

– Det er her mjølkesyrebakteriane skal lage den gode aromaen i osten, fortel Mona Mjånes Reitan. Etter tre veker i gjæringsbuda, og ytterlegare fem veker på kjølelager, er edameren i prinsippet klar for ostehøvelen. Men her legg Mjånes Reitan, som har master i matvitskap frå landbrukshøgskulen på Ås, inn ein protest.

Best etter dato

– Kvitost er best etter «best før». Og folk må ikkje vere redde for å bruke kvitost som har gått over datostemplinga. Viss emballasjen er tett, kan kvitost lagrast svært lenge, insisterer osteeksperten. For vi snakkar om ein profesjonell: Mona er ein av dei autoriserte smaksdommarane på meieriet. Ho smakar på det som vert laga i kvitostavdelinga. Og skulle det vere ein kvitost som ikkje er produsert slik han skal etter oppskrifta, så oppdagar Mona det.

36-åringen frå Volda har jobba på Ørsta-meieriet i snart seks år, og ho elskar jobben sin mellom dei femtiein tilsette på denne arbeidsplassen som er overkontrollert i alle ledd slik at forbrukarane skal vere garantert trygge og gode ostar og andre produkt.

– Eg synest utviklingsprosessar med modning av ostar og utvikling av smakar er fasinerande. Ja, eg vert nesten rusa av å vere med på slikt, humrar den trivelege avdelingsleiaren på Ørsta-meieriet.