- Klienten min er svært skuffa over at han ikkje vart høyrt då han forklarte seg. Han vil anke dommen i sin heilskap, både bevisvurderinga under skuldspørsmålet og erstatningsspørsmålet, seier forsvararen hans, Annette Barlinn til Møre-Nytt.

Les også: Dømd for valdtekt av elev

Sunnmørsmannen i 40-åra fekk måndag dommen på fem år og ni månader i fengsel for valdtekt av ein 12 år gammal elev som han var kontaktlærar for. Han er også dømd til å betale 200.000 kroner i erstatning til jenta.