Meldinga kom om lag klokka 18.40. Ein nabo miste straumen og gjekk ut for å sjå. Han såg flammar frå transformatorstasjonen, men då brannvesenet kom til staden var flammane sløkte av seg sjølv.

Brannvesenet returnerte etter kort tid, og Mørenett kom for å sjå på problemet.

Det var ikkje meldt om fleire straumlause i området.