– Prisen på dette er i ferd med å bli veldig høg. Om vi ser på kvalitetssikringsrapporten, så er dei tydelege på at dette blir tøft å få til økonomisk, og at det ikkje er berekraftig å bygge for nesten seks milliardar.

Det sa Petter Bjørdal under styremøtet i Helse Møre og Romsdal onsdag. Han er ørsting og nestleiar i styret.

Fem mot fire

Styret i helseføretaket gjekk med fem mot fire røyster inn for Opdøl ved Molde som plassering for nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Valet stod mellom Opdøl og Storbakken på Frei ved Kristiansund.

Sjukehuset skal etter planen koste mellom 5,5 og 5,8 milliardar kroner, og bli det mest moderne lokalsjukehuset i Noreg.

I innlegget sitt om saka, sa Bjørdal at han låg an til å lande på alternativet ved Kristiansund, særleg på grunn av reisetida til sjukehuset. Han gjorde ei ny vurdering og skifta standpunkt etter at styresaka vart lagt fram. Dette skjedde etter at Astrid Eidsvik gjekk av som direktør i helseføretaket.

Om Bjørdal hadde røysta for Storbakken, ville den plasseringa fått fleirtal. Volda sin tilsetterepresentant, Harald Topphol, røysta for lokalisering ved Kristiansund.

Økonomi

Bjørdal grunngir meininga si med økonomiske argument.

– Vi står framfor store økonomiske omstillingar. Reknestykka føreset at vi skal spare 736 millionar kroner. Eg har spurt korleis i all verda vi skal få til dette. Jo, vi må unngå doble funksjonar, og samle mest mogleg. Dei økonomiske konsekvensane blir minst om vi samlar funksjonane sør i fylket, med eit samarbeid mellom Ålesund og Molde.

I innlegget sitt kom Bjørdal også med nokre peikepinnar om vegen vidare for sjukehusa i fylket. På nyåret startar neste fase i prosessen, og då skal funksjonsdelinga mellom sjukehusa opp til diskusjon. Denne blir også Ålesund og Volda ein del av.

– Det blir tøffe tak, og ein tøff økonomisk kamp.

Plassering av nytt sjukehus går no til handsaming i styret i Helse Midt-Noreg, som skal ha møte torsdag.