Bortimot 500 personar besøkte stemnet som vart halde utanfor samfunnshuset i Follestaddalen med bygda sitt ungdoms- og idrettslag som arrangør.Besøkstalet er over dobbelt så stort som i fjor då veterankøyretøy-stemnet vart arrangert for første gong.

- Dette vart skikkeleg vellykkla. No skal vi prøve å ha det som ein årleg tradisjon, fortel Maria Brunstad, nestleiar i ungdomslaget.

Blide andlet

Folk frå store delar av Sunnmøre fann vegen til Follestaddalen i det flotte haustveret. Og det var mange blide andlet å sjå. I fjor var det berre gamle traktorar på stemnet, i år var der også motorsyklar og bilar, både veteranar og andre. I alt var det kring 75 påmelde køyretøy.

Mykje fint var å sjå, og diamanten på utstillinga var ein BMW kabriolet 1926 modell, ein bil eigd av Ståle Høydalsvik. Han har restaurert bilen i 36 år. Bilen skal vere verd fleire millionar. Broren til Ståle, Dagfinn Høydalsvik, var også på plass med ein BMW. Den fine bilen hans er nøyaktig femti år yngre enn broren si perle..

Hest

Det var meir enn gamle køyretøy på stemnet. Brudavoltunet stille med hest og kjerre til glede for mange små. Der var også fleire andre dyr på stemnet. Traktorforhandlarar i området var også på plass og stilte ut nye og brukte traktorar.

I fjor vart det for lite mat, i år hadde dei to kioskar og alle vart mette.

Les meir i Møre-Nytt på tysdag.