– Eg har byrja å tenkje meir på ting eg må lære frå meg før det er for seint.

Haustsola steiker på Nordre Vartdal denne kvardagen i september. Ivar Arne Vartdal har sett seg i skuggen i hagen. Han tek ein slurp av kaffikrusa. Fire brødskiver med sunt pålegg og nokre tablettar ventar på eit fat. 71-åringen snakkar om den flotte jaktstarten.

Ivar Arne har siste året gjort justeringar i livet sitt. Vekta er redusert, og så har han byrja å trimme. Han hyllar hjartetrimmen og dei tilsette på sjukehuset i Volda og Trondheim.

Dårleg form

Seinhausten for eitt år sidan: Ivar Arne er i dårleg form. No og då er han uvel i både magen og andre stader. Både han og legar spekulerer i kva det kan vere. Han har tidlegare vore plaga med magesår, og går difor til gastroskopi, utan at legen finn noko gale. Så vert han sendt til hjartesjekk. Legen vil sende mannen til St. Olavs Hospital. Det kan vere eit lite infarkt, er vurderinga. Men det er ikkje akutt, og Ivar Arne får nitroglyserin for å døyve brystsmerter som dukkar opp av og til. Så må han vente på klarsignal. Han er ein av mange i køen.

Tafjorden

Ein dag i november tek Ivar Arne turen til Tafjord for å møte gode venner for hyggjeleg samvær. Kvelden vert fin, opplever 71-åringen. Ut på natta kjenner han brystsmerter. Og dei forsvinn ikkje sjølv med nitroglyserin. Det vert slått alarm, og mannen vert henta med ambulanse frå Valldalen. Det ligg ein viss dramatikk i lufta.  Snart er han flogen til storsjukehuset i Trondheim. Der vert legespesialistane utfordra: Wiren dei går inn i handa til Ivar Arne med, som skal opne tette årar, er for kort Mannen er for stor!

Legane finn også ut at blodårane er så tynne, og ligg så tett, at det er uråd å blokke dei. Eit par dagar seinare vert det difor ein omfattande operasjon. På gamlemåten opnar legane brystkassa hans og hentar tre årar frå fot og bryst. Bypassoperasjonen vert vellykka, og etter eit par veker vert Ivar Arne Vartdal overført til Volda-sjukehuset. Der startar han kjapt med hjartetrim som fort gir resultat. Etter nær tretti gonger med trim føler mannen seg som eit nytt menneske. Ingen klisje.

To mål

Heimkomen har han sett seg to mål: Det eine er å klare å gå opp til Åvatnet. Det gjorde han i sommar. Det andre målet var å skyte ein hjort. Det gjorde han denne veka. natt til onsdag løyste den røynde jegeren skot på dyrka mark eit par kilometer opp i dalen, og med seg heim hadde Vartdal ein halvannan år gammal spissbukk på kring 55 kilo. Jaktkollega Thomas Vartdal skaut også ein spissbukk same natta.

– Det er ikkje alle som reknar det som skikkeleg jakt å skyte dyr på flate marka, men for meg var det spennande nok, og litt spesielt, reflekterer Ivar Arne.

Det er fire år sidan sist han skaut hjortedyr. På sine eldre dagar er han mest oppteken av å lære opp dei unge til gode jegerar.

I dag er mannen tilfreds.

– Eg er ein jordnær og nøktern person som aldri har ivra etter status og pengar. Det eg har levd for er dei fine opplevingane. Det er dette som har drive meg framover. Etter operasjonen tenkjer eg meir på å lære frå meg ting før det er for seint. Utan at eg tenkjer på det får eg ofte ei påminning om det, seier 71-åringen.

Eit av måla han sette se etter at han vart frisk var å felle ein hjort. Det gjorde han denne veka. Det vart ein spissbukk.
Ivar Arne Vartdal er ein kunnskapsfull mann som er glad i å lære andre. Her er han i aksjon som instruktør for jegeropplæring for nokre år tilbake.
Ivar Arne i kjent stil på Bondens Marknad for nokre år sidan. Då dreiv han med tillaging og sal av kjøt og laks. Dette har han lagt på hylla.