– Det var ingen tilsette i bedrifta ved konkursopninga. Dei vart tidlegare overført til Furnia AS, som gjekk konkurs i sommar. Konkursen i Sandvik kjem som ein konsekvens av konkursen i Furnia, seier bustyrar Bjarte Reidar Aambø til Sunnmørsposten.

I oppbodsmeldinga til tingretten står det at det er verdiar i buet, eit varelager, for åtte millionar kroner, og at det er patentrettar. Gjelda er oppgjeve til å vere knappe 13 millionar kroner.