Korleis kan ein skape integrasjon mellom Amfi og Vikegata? Korleis kan ein utfordre dei trafikale løysinganer i sentrum? Og korleis skal ein nytte areal langs sjøfronten for å skape eitattraktivt sentrumsområde?

Dette er mellom problemstillingar som no vert stilt i samband med at Ørsta kommune er plukka ut til å vere med i arkitektkonkurransen Europan 13, ein europeisk idèkonkurranse for arkitektur og byutvikling.

Grunneigarmøte

Måndag vart det på Ørsta rådhus halde eit nytt møte mellom kommunen og grunneigarar i sentrum i samband med det som er eit brubyggingsprosjekt mellom unge arkitektar, planleggarar, landskapsarkitektar, kommunen og utbyggarar. Mange møtte på møtet, og ingen hadde innvendingar på den prosessen med sentrumsutvikling gjennnom Europan som er sett i gang.

I samband med arkitektkonkurransen er det plukka ut eit område midt i Ørsta sentrum som er hovudsatsingsområde for arkitektkonkurransen.  Gågata ligg midt i området som i vest stoppar ved Ørsta Bruk. Den utplukka tomta er berre eit framlegg som kan verte justert.

Analyse

Ørsta kommune ønskjer ein analyse av omlandet sitt tilhøve til tomta, og motsett – tomta sitt tilhøve til omlandet. Korleis bør desse samvirke for å skape positive synergiar for tettstadutviklinga?

Ørsta kommune ønskjer i prosessen framlegg til visjonar og konsept for vidareutvikling av Ørsta sentrum som ein attraktiv tettstad. Korleis kan eksisterande bygg nyttast og utviklast? Korleis utforme nye bygg? Korleis utvikle offentlege rom og møteplassar - og skape rammer for aktivitet og trivsel? Dette er mellom sentrale spørsmål som skal stillast.

I desember 2015 skal vinnaren av arkitektkonkurransen kårast.